Hopp til innhold
X
Innhald

Ragnar Kvamme

Ragnar Kvamme (1915-2004) frå Vadheim, busett i Oslo. Jurist og forfattar. Kvamme var sjef for juridisk avdeling i Sjømannsforbundet i mange år. Deretter arbeidde han som jurist i Maskinistforbundet og som advokat i Oslo.

Kvamme gav ut eit par bøker om sjøfartsjus, "Sogne-stubbar" (1962) og "Spekemat og salt sjø, risper frå Sogn og Sunnfjord” (1975).

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 02.12.2009