Ragnvald Fagerheim

Ragnvald Fagerheim
Ragnvald Olson Fagerheim (1883-1961) frå Rivedal, busett i Dale. Lærar, lokalhistorikar og Venstre-politikar.
Eksamen frå Elverum lærarskule 1903, og lærar m.a. ved Dingemoen skule i Dale frå 1921. Underviste i nynorsk i skulane før kommunestyret hadde gjort formelt vedtak om nynorskbruk.
Medlem av kommunestyret frå 1914, skulestyreformann 1917-1934 og ordførar 1935-1940 og 1945-1947.
Forfattar av bygdeboka for Fjaler, og artikkelsamlinga «Fjaler gjennom 1000 år» (utgj. 1977). Far til Oddleif Fagerheim og Magne Fagerheim. Ragnvald Fagerheim var den siste som dreiv lærargarden på Vollen, og borna hans har sett opp ein minnestein over faren på tunet i Klokkargarden.

Fagerheim dreiv garden på Vollen i Dale. Foto: Arild Nybø, NRK.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014.
I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Dette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til den nye eigaren.
Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane.
Sist oppdatert: 15.11.2011