Rasmus D. Halvorsen

Rasmus D. Halvorsen (1846-1932), fødd på Tippa på Haugen, busett i Stårheimsvik. Handelsmann. Arbeidde i ungdomen som butikkekspeditør i Ålesund.
Tok underoffiserskulen, og dreiv ei tid som handelsmann i Selje. Halvorsen starta i 1877 landhandel og dampskipsekspedisjon i Stårheimsvik, der han kjøpte den gamle handelsstaden etter hordalendingen Holger Oliver Borge. Halvorsen vart både dampskipsekspeditør og postopnar, og dreiv også bakeri og ein liten metallverkstad.
På haugen ovanfor kjøpte han eit lite småbruk og bygde ein stor privatvilla. Frå 1869 bygde Rasmus D. Halvorsen også opp ei stor handelsverksemd med dampskipsekspedisjon, post og telefonstasjon, landhandel, bakeri og kjøp av sild og fisk i Vågsvåg i Vågsøy. Han nytta Gullholmen og Ramneholmen ved Vågsvåg til tørking av klippfisk.
Halvorsen gav store summar til bygging av Stårheim bedehus i 1924.

Vågsvåg med Halvorsens kai og landhandel.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014.
I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Dette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til den nye eigaren.
Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane.
Sist oppdatert: 27.01.2011