Hopp til innhold
X
Innhald

Rasmus Domstein

Rasmus Domstein (1885-1972) frå Dombestein ved Davik, busett i Måløy. Fisketilverkar.

Rasmus Domstein (1885-1972) frå Dombestein ved Davik, busett i Måløy. Fisketilverkar.

Han kjøpte ”Vetvikbua” på Skram i Måløy etter at fiskeriselskapet til brørne Rasmus og Johan Vetvik gjekk konkurs i 1925 (sjå artikkelen Fiskeripionérane Rasmus og Johan Vetvik). Der grunnla Rasmus Domstein det som no er kjent som eitt av verdas største fiskerikonsern, kontrollert og styrt frå Måløy av tredje generasjon i Domstein-familien.

Far til Knut Domstein og bestefar til Rolf Domstein og Gunnar Domstein.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 27.10.2011