Hopp til innhold
X
Innhald

Rasmus K. Grodås

Rasmus K. Grodås, også kalla Blåbærkongen. Foto: Jens K. Maurseth. Eigar: Samuel Lien/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Rasmus K. Grodås, også kalla Blåbærkongen. Foto: Jens K. Maurseth. Eigar: Samuel Lien/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Rasmus K. Grodås (1871-1923) frå Grodås. Handelsmann og bærgrossist med tilnamnet «Blåbærkongen».

Rasmus R. Kirkhorn (oppvaksen på Løken i Eid) starta i 1868 handel på Grodås. I 1890 overtok Rasmus K. Grodås butikken, og dreiv m.a. stor handel med blåbær. Han vart kalla «Blåbærkongen» fordi han i tida kring 1900-1920 tok imot store mengder blåbær og selde dei vidare til Bergen og Storbritannia. Bærplukking var i lang tid ei viktig attåtnæring for gardsbruka i Hornindal og Markane i Styn.

Ei segn fortel at det var frå «Blåbærkongen» at Hallvard Drægni kjøpte sine første bær då Drægni starta det som seinare skulle bli ein av landets store konservesfabrikkar for saft og syltetøy.

Sjå elles artikkelen «Blåbærkongen» .

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 09.11.2009