Hopp til innhold
X
Innhald

Rasmus L. Bjørnereim

Matias Hole og Ramus L. Bjørnereim med ein bjørn dei skaut i 1902. Foto © Fylkesarkivet.

Matias Hole og Ramus L. Bjørnereim med ein bjørn dei skaut i 1902. Foto © Fylkesarkivet.

Rasmus L. Bjørnereim (1878–1935) frå Breim. Bonde og mølleeigar. Bygde det som seinare vart kalla Urheim Mølle i 1894. Denne vart i 1930 flytta til Byrkjelo. Rasmus var ein teknisk tusenkunstnar som m.a. bygde vassturbinar til drift av meierimaskiner, og han produserte kostar og smørbuttar. I 1905 skaut han saman med Mattis Hole den siste bjørnen i Gloppen ved Fitjestøylane.

Sonen Johan starta seinare bilverkstad, bensinstasjon og bilberging på Byrkjelo. Firmaet er i same familien enno.

Rasmus var son til Ludvig Bjørnereim.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 10.01.2011