Hopp til innhold
X
Innhald

Reidar Engevik

Reidar Engevik (1925-1997) frå Engevik. Motstandsmann, industrigründer og Kristeleg Folkeparti-politikar.

Reidar Engevik (1925-1997) frå Engevik. Motstandsmann, industrigründer og Kristeleg Folkeparti-politikar.

Utdanna maskiningeniør med tilleggsutdanning i atomfysikk ved utanlandske universitet. Tilsett som konstruksjonssjef ved atomreaktoren på Kjeller frå 1958.

Bygde skipsverft i heimbygda

Engevik flytta heim til Solund i 1967 og bygde Solund Skips Service AS i Sponevik i 1976. Skipsverftet dreiv med vedlikehald og reparasjon og var den klårt største arbeidsplassen i Solund. Då verkstaden gjekk konkurs første gong i 1979 trekte Engevik seg ut. Medlem av kommunestyre og formannskap i mange år, og ordførar 1981-1987. Medlem av fylkestinget 1987-1991. Han var også styreleiar for sentralsjukehuset i Førde.

Motstandsmann

Som motstandsmann under 2. verdskrig tenestegjorde Engevik som kurér mellom Bergen og Solund, og deltok i farlege våpentransportar inn Sognefjorden siste del av krigen til Milorg-styrkane i Frønningen (sjå Krigshistoria i Solund).

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 28.06.2010