Hopp til innhold
X
Innhald

Reidar Tveit

Reidar Tveit fødd 1921 i Gulen, busett Førde. Fylkestannlege og politikar.

Reidar Tveit fødd 1921 i Gulen, busett Førde. Fylkestannlege og politikar.

Arrestert som student 30.11.1943, overført Stavern, overført Buchenwald 7.01.1944, overført Sennheim, overført Buchenwald og sat der til freden. Fylkestannlege i Sogn og Fjordane frå 1958 til 1989.

Ordførar i Førde kommune 1968-1980, og leia kommunen gjennom ein avgjerande fase i oppbygging av Førde som fylkessenter. Spela m.a. ei avgjerdande rolle for realiseringa av Førdehuset i 1976, og skipinga av Sogn og Fjordane Teater i 1977.

Representerte først Venstre, men etter partikløyvinga etter EF-striden gjekk han inn i Det Liberale Folkepartiet. Dette partiet fekk med populære Tveit som ordførarkandidat nær på reint fleirtal i Førde ved kommunevalet i 1976.

Tveit har hatt ei rad tillitsverv i lokale og sentrale kulturorganisasjonar – m.a. som første styreleiaren for Sogn og Fjordane Teater, og styremedlem i Statens Teaterråd og Norske teatres forening. Han vart første leiaren av Fylkesrådet for eldre i Sogn og Fjordane.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 10.08.2010