Hopp til innhold
X
Innhald

Richard Christoffer Schelderup Knoff

Avisredaktør

Richard Chr. Schelderup Knoff (1889-1968) frå Ålesund, busett i Balestrand. Ingeniør og redaktør. Arbeidde m.a. som ingeniør i Argentina 1911-1917. Vart 1918 tilsett ved Sogn og Fjordane fylke sitt vassdragskontor i Balestrand.

Avisredaktør

Redaktør i avisa «Sogningen» frå 1924. Avisa kom ut i Vik, men vart flytta til Balestrand i 1925. Knoff kjøpte avisa og var redaktør til 1940, då han overlet redaktørstolen til sonen Richard Knoff jr., som dreiv til 1942. Etter krigen var Knoff sr. redaktør til avisa vart kjøpt av aksjelaget «Sogningen» i 1948. Han var fylkessekretær for Høgre i Sogn og Fjordane frå 1924 til 1946.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 26.07.2011