Hopp til innhold
X
Innhald

Richard Loen

Richard Loen (1895-1965) frå Loen. Son til Markus Loen og svigerfar til Eivind Grov.

Richard Loen (1895-1965) frå Loen. Son til Markus Loen og svigerfar til Eivind Grov.

Var direktør for West Hotell som faren Markus kjøpte i Ålesund i 1920. Då hotellet vart lagt ned i 1922, reiste Rickard til Amerika, der han arbeidde i hotellbransjen. Han arbeidde også som kelner på turistkip i Middelhavet.

Direktør på Alexandra i 38 år

Frå 1924 arbeidde han ved Grand Hotell på Åndalsnes, som Loen-familien eigde til det gjekk konkurs i 1932. Hotelldirektør ved det familieeigde Hotel Alexandra frå 1927 til 1965. Hotellet vart sterkt utvida i hans leiartid, frå 133 senger til 266 senger.

Styreformann i Nordfjord og Sunnmøre Billag L/L og styremedlem i Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane. Formann i Norske Turisthotellers Forening.

Tildelt Kongens fortenestemedalje i gull 1965.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 08.03.2011