Hopp til innhold
X
Innhald

Roar Hjelmeset

Roar Hjelmeset. Foto: Claes-Tommy Herland/Scanpix.

Roar Hjelmeset. Foto: Claes-Tommy Herland/Scanpix.

Roar Hjelmeset fødd 1977, frå Hjelmeset. Langrennstrenar. Han gjekk i spora til broren Odd-Bjørn Hjelmeset og vart langrennsløpar, men oppnådde ikkje same resultata. Han fekk delta i eitt verdscuprenn, i sprint i 2003. Det enda med ein 42. plass. I NM var beste plasseringa ein 23. plass på sprint i 2002.

Han la opp som aktiv i 2005 og vart trenar i staden. I 2008 vart han trenar for det norske juniorlandslaget i langrenn, og i 2011 vart han trenar for det norske landslaget i kvinnesprint. Under OL i Sotsji i 2014 tok dei norske utøvarane gull og sølv i sprint og gull i lagsprint.

Under VM i Falun i 2015 vart det gull og bronse i sprint og gull i lagsprint.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 16.06.2015