Hopp til innhold
X
Innhald

Roger Aa Djupvik

Foto: Håkon Mosvold Larsen, Scanpix

Foto: Håkon Mosvold Larsen, Scanpix

Roger Aa Djupvik fødd 1982 frå Hyen. Langrennsløpar. Vann som 15-åring hovudlandsrennet, og har m.a. to bronse frå stafett i junior-VM. Åttandeplass i senior-NM 2004. Bronse på stafetten i junior-VM 2001.

I senior-NM 2006 fekk han sjetteplass på 15 km, og i stafettsamanheng har han med Fjellhug/Vereide-Hyen Skilag ein femteplass som beste plassering.

I 2010 representerte han Noreg i Tour de Ski, der han vart nr. 19 samanlagt.

I 2011 melde han overgang til Lillehammer Skiklubb for å satse på lange skirenn. I 2012 vann han sin klasse og vart nummer to totalt i Birkebeinerrennet.

Roger Aa Djupvik på Beitostølen i 2010. Foto: Rune Fossum, NRK.

Roger Aa Djupvik på Beitostølen i 2010. Foto: Rune Fossum, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 21.03.2012