Hopp til innhold
X
Innhald

Rolf Domstein

Rolf Domstein fødd 1957 frå Måløy. Konsernsjef og Høgre-politikar. Utdanna siviløkonom. Konsernsjef i det verdsomspennande Domstein-konsernet, som har hovudkontor i Måløy.

Heil- eller deleigde selskap til gruppa hadde i 2000 ei omsetning på 5,5 milliardar kroner og 3000 tilsette. Etter at faren Knut Domstein døydde i 1988, har Rolf Domstein saman med brørne Gunnar Domstein og Knut Magne Domstein (fødd 1963) leia utbygginga av selskapet til eit verdsomspennande konsern med interesser i fiskebåtar, mottaksanlegg, oppdrett, ferdigmatproduksjon og salsselskap for sjømat.

Rolf Domstein har vore aktiv Høgre-politikar både på riksplan og lokalt, og var frå 1983 til 1987 ordførar i Vågsøy. Med sine 26 år var Rolf Domstein då landets yngste ordførar.

I 2013 vart Rolf Domstein vald til styreleiar i Stad Skipstunnel AS.

Son til Knut Domstein og bror til Gunnar Domstein.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 10.10.2013