Hopp til innhold
X
Innhald

Rolf Navarsete

Rolf Navarsete på Fosshaugane Campus. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Rolf Navarsete på Fosshaugane Campus. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Rolf Navarsete fødd 1951 i Sogndal. Fotballspelar, fotballorganisastor og forretningsmann.

Utdanna lærar. Aktiv fotballspelar i Sogndal til 1977, og var med på Sogndal-laget som spela cupfinale i 1976.

Han var formann i SIL mange år og ein sentral person i trening og drift av fotballag i Sogndal, og hadde m.a. funksjonar som spelarutviklar, økonomisjef, anleggssjef og sportsleg leiar - sjå: Sogndal IL Fotball. Han la ned ein stor innsats då klubben fekk trenings- og kampbaner i Sogndal og Hafslo, og grasbaner på Fosshaugane, Kvåle og Lines, og ved bygging av Sognahallen og Fosshaugane Campus.

Han kom på 1980-talet med i den daglege leiinga av daglegevarebutikken K-senteret som faren Kåre Navarsete hadde starta. Butikken vart seinare med i Meny-kjeda. I 2013 slutta Rolf Navarsete som leiar for butikken og tok til som prosjektleiar i Meny region vest.

Tildelt Sogndal kommune sin kulturpris, Eldsjelprisen til Sparebanken Sogn og Fjordane og kåra til Årets samfunnsentreprenør 2013 av SIVA.

Rolf Navarsete fekk utmerkinga Årets samfunnsentreprenør 2013. Frå v. næringsminister Trond Giske, Rolf Navarsete, styreleiar Petter arbo og adm. dir. Harald Kjelstad i SIVA. Foto: Aage Hojem.

Rolf Navarsete fekk utmerkinga Årets samfunnsentreprenør 2013. Frå v. næringsminister Trond Giske, Rolf Navarsete, styreleiar Petter arbo og adm. dir. Harald Kjelstad i SIVA. Foto: Aage Hojem.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 16.04.2013