Hopp til innhold
X
Innhald

Rolv Muri

Rolv Muri. Foto: Gunnar Nygjerd.

Rolv Muri. Foto: Gunnar Nygjerd.

Rolv Muri (1921–1992) frå Olden. Biletkunstnar.

Fødd i Ålesund, vaks opp på Gjøvik, og tok i 1948 over familiegarden på Auflem i Olden. Utdanna på Statens Håndverks- og Kunstindustriskole og Statens Kunstakademi, og ved studieopphald i Frankrike, Tyskland og Danmark. Rolv Muri nytta konsekvent eit abstrakt formspråk i måleria.

Muri er innkjøpt av Nasjonalgalleriet og Riksgalleriet og ei rad andre galleri og institusjonar, m.a. i Sogn og Fjordane. Han hadde ni separatutstillingar, m.a. i Paris, og har også vore representert ved fleire kollektivutstillingar i utlandet.

Klipper II frå 1968 av Rolv Muri.

Klipper II frå 1968 av Rolv Muri.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 08.03.2011