Hopp til innhold

Agnar Skeidsvoll

Agnar Skeidsvoll, redaktør og forfattar. Han skreiv ei nynorsk reklamelære og førte preikekritikk inn i norsk presse.

Agnar Skeidsvoll var fødd i Bergen 28. desember 1900 og døydde same staden 26. juni 1963. Han voks opp på garden Skeidsvoll i Tresfjord i Romsdalen.
Han gjekk på Jærens folkehøgskule og handelsskule, tok ymse kurs, arbeidde i bank 1916–20 og vart 22 år gamal journalist i Gula Tidend, der han vart verande til 1928.
1928–34 var han redaktør i Firda Folkeblad, vende så attende til Gula Tidend som redaktør, til bladet stogga drifta 10. april 1940. I Gula Tidend markerte han seg som motstandar av den nye rettskrivinga frå 1938. Etter krigen var han med og gjenreiste avisa, frå 1946 som disponent, frå 1948 som redaktør. Av helsegrunnar gjekk han av i 1953.
Som redaktør etter krigen førte han inn i norsk presse ein ny type stoff, nemleg preikekritikk. Han gjekk til gudstenester i mange trussamfunn og vurderte preikene som talar. I 1951 samla han kritikkane i boka Kyrkja og sektene i søkjeljoset. Preikekritikk.
Skeidsvoll var leiar for Norsk Bladmannalag 1936–41, var nokre år lærar ved Bladmannaskulen og var med og redigerte jubileumsskriftet Norske bladmenn og blad. 25 års skrift for Norsk Bladmannalag og ei 80 års norsk bladsoga (1938). Han gav mellom anna ut bøkene Naturlækjaren O. Olvik (1929) og Norsk reklamelære for handel, yrke og skular (1935), Norske manns- og kvinnenamn (1943) og Bygdebok for Tresfjord (1959). I 1945 gav han ut diktsamlinga Heimland, du frie.
Han var aktiv i fråhaldsrørsla, i kyrkjelege organ og i Bondeungdomslaget i Bergen, og han sat i styret for Vestmannalaget frå 1946 til 1956.
Kjelder
Hallvard Framnes mfl. (red.): Vestlandske Mållag 1904–1954. Bjørgvin 1954
Hannaas, Clausen, Jerdal: Vestmannalaget i 110 år. Bergen 1978
Per Håland (red.): Gula Tidend i 75 år. Bergen 1979
Ludvig Jerdal: «Nybrotsmann på steinfull veg», Bergens Tidende 28.12.2000
Pressefolk. Biografiske opplysninger om Norsk Presseforbunds medlemmer. Oslo 1950
Kjartan Rødland: «Seigliva som ei strilekona», Bergens Tidende 25.11.1995
Agnar Skeidsvoll mfl. (red.): Norske bladmenn og norske blad. 25 års skrift for Norsk Bladmannalag og ei 80 års norsk bladsoga. Bergen 1938

Først publisert: 05.05.2010
Sist oppdatert: 08.01.2015