Hopp til innhold
X
Innhald

Alexander Seippel

Heinrich Julius Manfred Alexander Seippel, filolog, folkeminnegranskar og omsetjar, er den omsetjaren som har hatt størst påverknad på nynorsk som bibelspråk.

Alexander Seippel var fødd i Kristiansand 22. januar 1851 og døydde i Oslo 22. april 1938. Etter universitetsutdanning i klassisk filologi, med eksamen i 1873, spesialiserte han seg i orientalske språk: hebraisk, arabisk og persisk. Frå 1886 var han professor i semittiske språk i Kristiania. I mange år dreiv han dessutan gard i Flesberg i Numedal.
Viktige delar av oppveksten sin hadde Seippel i Setesdal. Det prega han språkleg og kulturelt. Seippel var ein ivrig samlar av stev, han skreiv dikt på landsmål, og han omsette persisk lyrikk og bibelske skrifter. I den første nynorske bibelutgåva, Fyrebilsbibelen frå 1921, er Seippel den omsetjaren som er ansvarleg for flest tekstar.
Seippel og Setesdal
Far til Seippel var tyskfødd forretningsmann. Etter ei tid i Kristiansand slo familien seg ned på Frøysnes i Bygland. Sjølv om Seippel for det meste budde utanbygds, var han nær knytt til Setesdal heile livet. Tradisjonen herifrå fortel om ei ulukkeleg kjærleikssoge, ei broten truloving med ei gardbrukardotter. Seippel blei seinare gift med ei lensmannsdotter frå Gudbrandsdalen. Han var ofte i Setesdal om sommaren. Den store stevsamlinga hans er eit resultat av desse ferdene og av omfattande korrespondanse med informantar i dalen. Språkleg var han òg sterkt prega av bakgrunnen frå Setesdal, skriftspråket hans låg nær den såkalla midlandsnormalen.
Granskaren
Før Seippel blei professor, hadde han arbeidd som språklærar i USA og som bibliotekar ved Universitetsbiblioteket. Dessutan hadde han bak seg omfattande studiar ved fleire europeiske universitet. Han underviste særleg i arabisk og hebraisk, men han hadde òg høg kompetanse i persisk. Det vitskaplege hovudverket til Seippel er ei omfattande samling arabiske kjelder som omtaler Noreg og Norden i mellomalderen. Rerum Normannicarum fontes Arabici kom ut i to band med tretti års mellomrom (1896 og 1928). Til hundreårsjubileet for universitetet i Kristiania i 1911 skreiv Seippel det lange diktet «Granskaren», meint som tekst for ein kantate.
Omsetjaren og diktaren
I Soga um Sindbad Farmann (1900) kom Seippel med ei frisk omsetjing av eventyr frå «Tusen og ei natt». Han gjendikta òg persisk lyrikk. Saman med vers av dei klassiske forfattarane Omar Khayyam og Hafiz gav han ut dikt av ein poet kalla Karabkuhi, noko som viste seg å vere eit pseudonym for Alexander Seippel. I eige namn gav han ut ei samling kjærleiksdikt, Ein høgsong (1924).
Framfor alt er Seippel kjend som bibelomsetjar. Saman med Peter Hognestad tok han over ansvaret for arbeidet med bibelomsetjing på nynorsk etter Elias Blix. I alt omsette Seippel heile 22 av dei 66 bøkene i Bibelen. Dei blei utgitt enkeltvis av Bibelselskapet i løpet av åra 1905–1938. Fyrebilsbibelen (1921) har med Seippels omsetjingar av dei fem Mosebøkene, Josva, Domarane og dei fire evangelia. Seinare kom dei historiske bøkene i Det gamle testamentet, Apostelgjerningane, Romarbrevet og til slutt profeten Jesaja.
Det første nytestamentet på landsmål, frå 1889, var enno på mange måtar prega av dansk-tysk bibeltradisjon. Den levande og talemålsnære forteljestilen som har prega seinare nynorske bibelomsetjingar, ber i høg grad Seippels stempel. Han hadde òg eit godt øyre for det stilistiske spennet mellom ulike litterære sjangrar i dei bibelske bøkene, som han gav att i ei rik og variert norsk språkdrakt.
Kjelder 
Harris Birkeland og Olav Midttun: «Seippel, Alexander», Norsk biografisk leksikon bd. 13. Oslo 1958
Jarle Bondevik: Og ordet vart nynorsk. Soga åt den nynorske bibelen. Bergen 2003
Aasulv Lande, Sylfest Lomheim og Gunnar Stubseid: Sjønna på Elbursfjell. Alexander Seippel – livet og livsverket. Kristiansand 2001
Sylfest Lomheim: «Alexander Seippel», Norsk biografisk leksikon bd. 8. Oslo 2004
Peikarar 

Først publisert: 17.04.2012
Sist oppdatert: 17.04.2012