Hopp til innhold
X
Innhald

Alf Saltveit

Alf Saltveit, forfattar, omsetjar og kulturskribent. Han filleristar heimbyen Haugesund, men har likevel fått stasplass med namneplate og foto på stamkaféen nær Rådhusplassen.

Alf Saltveit er fødd i Haugesund 14. juni 1946. Han tok examen artium i heimbyen i 1965, utdanna seg til lærar og arbeidde som det i nokre år.
 
Sidan debuten i 1982 har han skrive ei lang rekkje bøker og artiklar – diktsamlingar, tekstsamlingar, romanar og lokalhistorie. Mange av dei lokalhistoriske artiklane hans blei først publiserte i Haugesunds Avis og kom seinare i bokform. I fleire romanar hudflettar han heimbyen. Typiske titlar er Byen 2000 (2000) og Drops for Haugesund (2004). Han har òg redigert fleire lokalhistoriske bøker.
 
Saltveit er best, men minst kjend, som ein framifrå gjendiktar. I Tonen som kom (1989) gjendikta han den irske poeten Seamus Heany til norsk seks år før Heany fekk nobelprisen. Saltveit har òg gjendikta Michael Krüger, Paul Muldoon og brasilianaren Carlos Drummond de Andrade.
 
Saltveit skriv på nynorsk, har gitt ut bøkene sine i Oslo og Rogaland og har fått Haugesund kommunes og Rogaland fylkes kulturstipend. Han er kjend for den idealistiske, antimaterialistiske og originale livsstilen sin, som ofte har resultert i store oppslag i lokalpressa.
Kjelder
Torill B. Horneland: «Alf Saltveit», Haugesund folkebibliotek, http://www.haugesund.kommune.no/om-haugesundsforfattere/saltveit-alf-article1631-1589.html [lesedato 24.01.2010]
Norsk bokfortegnelse, www.nb.no/baser/norbok/ [lesedato 22.02.2010]

Først publisert: 14.04.2010
Sist oppdatert: 04.02.2013