Hopp til innhold
X
Innhald

Alf Skjeseth

Alf Skjeseth, journalist. Han var med og bygde opp Klassekampen som dagsavis, arbeidde i NTB og Nationen, var leiar for Norsk Journalistlag, og vende i 2005 tilbake til Klassekampen.

Alf Skjeseth er fødd 1. juni 1952 i Ringsaker.  Han tok examen artium ved Brumunddal gymnas i 1971, gjekk Skjeberg folkehøgskole 1971–72, tok sosiologi mellomfag ved Universitetet i Oslo i 1974 og gjekk Norsk Journalistskole i 1975.
Han braut av utdanninga ved journalistskulen i 1976 for å arbeide i Klassekampen, AKP (ml)s avis, som på den tida var vekeavis. Han var med og bygde opp avisa fram til 1986, då han gjekk over i NTB. I 2005 vende han tilbake til Klassekampen, no ei uavhengig venstreorientert avis.
I tidlege år var han journalistvikar i Ringsaker Blad 1969–72, journalistvikar i Hamar Arbeiderblad 1971, journalistvikar i Hamar Dagblad 1972–73 og journalist i Dagbladet 1973–75. Han arbeidde i NTB i mange år, frå 1986 til 1991 og frå 1995 til 2003. I perioden 1991–95 var han leiar for Norsk Journalistlag, og frå våren 2003 til hausten 2005 var han samfunnsredaktør i Nationen. Han skriv både bokmål og nynorsk.
Skjeseth var landsstyremedlem i Norsk Journalistlag 1985–95 og leiar 1991–95, styremedlem i Norsk Presseforbund 1991–95 og styremedlem i Institutt for journalistikk 1991–95.
I 2011 gav han ut Sykle på vatnet – historia om Klassekampen.
Kjelder
Roald Helgheim: «Ein enkel gut frå landet». Klassekampen 1. juni 2012
Alf Skjeseth: Sykle på vatnet – historia om Klassekampen. Oslo 2011
Nils E. Øy: Pressefolk 1997. Institutt for journalistikk 1998

Først publisert: 08.11.2012
Sist oppdatert: 13.11.2012