Hopp til innhold
X
Innhald

Alf Sommer

Alf Sommer, skodespelar og sceneinstruktør, medverka i komediar og drama, var ein av pionerane i Fjernsynsteateret og bidrog til å gjere Den fjerde nattevakt til nasjonal eige.

Alf Sommer var fødd i Trondheim 22. april 1899 og døydde i Oslo 1. januar 1963. 15 år gamal byrja han som elev ved Trondhjems Nationale Scene og debuterte i 1917 i Hærmennene på Helgeland. I 1922–28 var han engasjert ved Casino i Oslo, der han spela revy og operette. Resten av livet, frå 1928 til 1963, var han tilsett ved Det Norske Teatret. I byrjinga var det oftast komediar som stod på repertoaret hans. Etter krigen spela han i større grad dramatiske roller. Særleg kjend er han som klokkaren Ol-Kanelesa i Den fjerde nattevakt.

1937 hadde han si første oppgåve som instruktør, med songspelet Slåttefesten. I alt hadde han ansvar for 18 scenoppsetjingar ved Det Norske Teatret, både komediar og andre stykke. I 1961 gjesta han Trøndelag Teater som instruktør.

For radiolyttarar var Sommer kjend frå barnetimeserien om Stompa og detektivføljetongen God aften, mitt navn er Cox. I fjernsynsteateret utfalda han seg i fleire krimseriar, og kinogjengarar kunne sjå han i eit titals spelefilmar, ofte av det fornøyelege slaget.

Komediar og samfunnssatire

Dei første åra av karrieren kom Sommer sitt talent til uttrykk i songspel og gjøglarroller. På Det Norske Teatret fekk han i 1930 eit gjennombrot i den finske folkekomedien Bygdeskomakarane. I 1935 kom den første oppsetjinga av Den store barnedåpen av Oskar Braaten, der Sommer spela den arbeidslause Harald. Framsyninga vart ein av dei største suksessane i teatret si historie og eit stykke Sommer kom tilbake til både som skodespelar og instruktør. 1942 sette han opp Braaten-stykket Ungen, ein annan gjengangar på teateret si suksessliste.

Braaten-komediane hadde ein sosialrealistisk tone. Andre komediar frå 1930-åra som Sommer var med i, var prega av kritikk og samfunnssatire. Den tyske bondekomedien Striden om Juliane har brodd mot Hitlers politistat, i Unge mann, kva no?, av Hans Fallada, er Sommer den gråe kontoristen som så vidt greier å hengje med i ei tid prega av sosial uro og stigande arbeidsløyse. Han spela i militærkomedien Heltar av Bernard Shaw og medverka i Kaj Munks Sigeren, om diktatoren Benito Mussolini.

Etter krigsutbrotet i 1940 vart dei lette komediane henta fram att. For å gi folk noko morosamt å tenkje på, og for å skaffe pengar i kassa, sette Det Norske Teatret opp Braaten sin Godvakker-Maren, men inntektene til teatret heldt knapt til lønsutbetalingar. Sommer foreslo då at ein burde filmatisere stykket. Heile ensemblet medverka i filmen, som vart ein publikumsfulltreffar.

Karakterroller

I 1956 hadde Det Norske Teatret urpremiere på Den fjerde nattevakt, Falkberget sin roman med handling frå Røros, eit drama med mange skjebnar. Sommer hadde rolla som Ol-Kanelesa, og her fekk han vise andre sider av talentet sitt. Ol-Kanelesa er spelemann, klokkar og smed, ein prøvd mann, med menneskekunnskap og mot til å gjere det rette. Sommer si tolking av Ol-Kanelesa vart ein av dei store rollene hans og ein siger for teatret. Stykket gjekk 70 gonger berre i Oslo, deretter bar det ut på speleferd, med i alt 140 framsyningar.

På slutten av 1950-åra byrja oppbygginga av Fjernsynsteateret, og Sommer var ein av drivkreftene. Det vart satsa på norsk dramatikk, og i 1960 lanserte teatret Den fjerde nattevakt, med Sommer som Ol-Kanelesa. Serien gjekk seinare i reprise og var med på å gjere Falkberget si forteljing til folkeeige. I 1961 vart stykket sett opp på Trøndelag Teater. Sommer var ansvarleg for instruksjonen, og gav endå ein gong dramatisk liv til Ol-Kanelesa. Då hadde han spela rolla bortimot 250 gonger.

I Strindberg sitt historiske skodespel Gustav Vasa og familiedramaet Faderen stadfesta Sommer evna si til å tolke dramatiske roller. På slutten av 1950-åra var han ein av dei fremste karakterskodespelarane ved Det Norske Teatret.

Ein skodespelar med breitt publikum

Gjennom kinofilmar, fjernsynsteater og radiohøyrespel vart Sommer kjend over heile landet. Han spela i stumfilmen Den glade enke i Trangvik i 1927, og i 1938 hadde han rolla som agent Olsen i Bør Børson Jr. Den siste filmen hans var Elskere, som hadde premiere i 1963. I den svært populære Stompa-serien, som vart send i laurdagsbarnetimen i 1950- og 60-åra, gav Sommer stemme til rektor Ulrichsen. Han medverka i ungdomsfilmen Den sorte tulipan, og i Dødens Harlekin og andre krimseriar for radio og fjernsyn. Oslo-folk kunne i mange år glede seg over sommarteateret han dreiv i Frognerparken.

Kjelder

Alfred Fidjestøl: Trass alt. Det Norske Teatret 1913–2013. Oslo 2013

Nils Sletbak (red.): Det Norske Teatret femti år. 1913–1963. Oslo 1963

Ole Øisang: Trøndelag Teater gjennom 25 år. Trondheim 1962

Først publisert: 25.08.2015
Sist oppdatert: 25.08.2015