Faktaboks

Andreas Seierstad

Andreas Pedersen Seierstad

Fødd
24. november 1890, Hedrum (no Larvik), Vestfold
Død
15. juli 1975, Oslo
Verke
Teolog og kirkehistoriker
Familie

Foreldre: Skipsfører og gårdbruker Martin Pedersen Seierstad (1850–1920) og Inger Johanne Larsen (1863–1935).

Gift 8.1919 med lærer Anne Sørensen (16.1.1882–19.7.1971), datter av lærer og kirkesanger Halvor Sørensen (1852–93) og Guro Halvorsdatter Mæland (1854–1940).

Bror av Ivar P. Seierstad (1901–87).

Andreas Seierstad var ein norsk teolog og kyrkjehistorikar. Han var målmann frå Vestfold, folkeminnegranskar og professor i kyrkjesoge ved Menighetsfakultetet.

Bakgrunn

Andreas Pedersen Seierstad blei fødd i Hedrum (no Larvik) og døydde i Oslo. Han var bror av Ivar Pedersen Seierstad og vaks opp i eit miljø prega av haugiansk tradisjon. Han tok eksamen ved Notodden lærarskule i 1911, underviste periodevis ved same skule, før han tok examen artium i 1916.

Teologi

Han blei cand.theol. i 1921 og dr.theol. i 1924. Frå same år var han dosent ved Det teologiske menighetsfakultet og professor i kyrkjehistorie same stad frå 1945 til 1960. Han var dekan frå 1946 til 1954. Seierstad gav mellom anna ut doktoravhandlinga Kyrkjelegt reformarbeid i Norig i nittande hundreaaret (1923), Olavsdyrking i Nidaros og Nord-Europa (1930) og mindre avhandlingar om norsk kyrkjehistorie, særleg mellomalderen, reformasjonstida og 1800-talet. Dei fleste vart prenta opp att og samla i Fedrearv og kristenkall (1965). Han var medredaktør av Tidsskrift for teologi og kirke i 1930 til 1960 og medlem av Den midlertidige kirkeledelse i 1943 til 1945.

Målarbeidet

Som ung fekk Seierstad Aasen sin grammatikk av fetteren E. Gunleikson. Han granska sin eigen dialekt og blei overtydd målmann. Denne haldninga blei styrkt av miljøet på lærarskulen og av giftarmålet med Anne Sørensen frå Lunde.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Einar Molland: «Seierstad, Andreas», Norsk biografisk leksikon, bd. 13. Oslo 1958
  • John Nome: «Andreas Seierstad som kirkehistoriker», i Fedrearv og kristenkall. Festskrift i anledning professor dr. theol. Andr. Seierstads 75-års jubileum den 24. november 1965. Oslo 1965
  • Bernt T. Oftestad: «Seierstad, Andreas», Norsk biografisk leksikon, bd. 8. Oslo 2004
  • Carl Fredrik Wisløff: «Andr. Seierstad som kirkehistoriker og kirkemann», Tidsskrift for teologi og kirke 3/1975
  • Andreas Aarflot: «Bibliografi over Andr. Seierstads forfatterskap», i Fedrearv og kristenkall. Festskrift i anledning professor dr. theol. Andr. Seierstads 75-års jubileum den 24. november 1965. Oslo 1965

Faktaboks

Andreas Seierstad
Historisk befolkingsregister-ID
pd00000002597481

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg