Faktaboks

Anfinn Stigen

Anfinn Emil Stigen

Fødd
22. oktober 1923, Ålesund, Møre og Romsdal
Død
18. august 1994, Bærum, Akershus
Gravlagd stad
Haslum kirkegård
Verke
Filosof
Familie

Foreldre: Tømrar Hans Knutsen (1887–1974) og husmor Johanne Stigen (1883–1964).

Gift 1958 med biletkunstnar Lise Lie Stigen (f. 6.4.1938), dotter av lektor, dr.philos. Alf Christensen (1901–1969) og Aase Lie (1907–1974).

Anfinn Stigen var ein norsk filosof. Han var lærar i filosofi ved Universitetet i Oslo i meir enn 30 år og gav viktige bidrag i formidlinga av både antikkens tenkjarar og filosofihistorie generelt.

Bakgrunn

Anfinn Emil Kuntsen var fødd og voks opp i Ålesund i Møre og Romsdal. I 1958 endra han etternamn frå Knutsen til Stigen. Han tok examen artium i 1945, 22 år gammal. Forseinkinga kom av at familien ikkje hadde økonomi til å gje han vidare skulegang. Til gjengjeld gjekk det fort då han først kom i gang. I 1951–1953 studerte han ved University of Chicago og fekk Master of Arts-graden i filosofi.

Den viktigaste rettleiaren og læraren hans i Chicago var filosofi- og idéhistorikaren Richard McKeon. I 1954 vart Stigen mag.art. og cand.philol. ved Universitetet i Oslo med idéhistorie som hovudfag. Samtidig hadde han aspirantteneste ved Universitetsbiblioteket. I 1956–1957 studerte han ved La Sorbonne i Paris, og i 1957–1959 var han universitetslektor i Oslo.

I 1959–1960 var han stipendiat i Oxford og i 1960–1964 avdelingsleiar ved Institut for filosofi ved Århus universitet. I Århus fullførte han det som blei doktoravhandlinga hans, The Structure of Aristotle's Thought, som han disputerte på i 1966.

Filosofi

Stigen vart utnemnd til dosent i filosofi ved Universitetet i Oslo i 1964 og vart professor same stad frå 1974. Resten av sitt yrkesaktive liv var han i Oslo, ved Institutt for filosofi. Det som opphavleg var eitt institutt for filosofi, blei etter andre verdskrigen til to seksjonar – éin for filosofi, der Arne Næss var den dominerande skikkelsen, og éin for idéhistorie, som fekk Andreas Hofgaard Winsnes som leiar. Stigen stod nærmast med eitt bein i kvar av dei to seksjonane. Næssianer var han neppe, men han fekk derimot impulsar frå den såkalla «Oxford-filosofien».

Han tilhøyrde det vi kan kalle det andre kullet av norske etterkrigsfilosofar. Det første kullet var dei som allereie under krigen flokka seg rundt Næss: Harald Ofstad, Herman Tønnessen, Vilhelm Aubert og Ingemund Gullvåg. Stigen fekk dei viktigaste fagleg formande impulsane sine frå miljø utanfor Noregs grenser.

Sentrale verk

Også på ein annan måte skilde Stigen seg frå dei fleste yngre norske filosofar i denne tida. Horisonten sin hadde han ikkje frå samfunnsfag eller naturvitskap, men frå tradisjonelle humanistiske miljø. Truskapen mot den «humanistiske arven» blir reflektert i den faglege produksjonen hans, der eit dominerande element er interessa for Aristoteles. Stigen gav ut fleire Aristoteles-skrifter, til dømes Aristoteliske grunnomgrep, Aristoteles: ei innføring og Aristoteles' etiske hovudverk Den nikomakiske etikk. Han omsette òg fleire av Platons dialogar frå gresk til nynorsk: Gjestebodet, Sokrates’ forsvarstale, Gorgias og Kriton og Faidon.

I Århus fekk Stigen kontakt med samtidig britisk filosofi, spesielt med «Oxford-filosofien», ei språkfilosofisk retning under påverknad av den seine Ludwig Wittgenstein. Stigens bok Betydning og meining, handling og ytring kom ut i 1967. Omtrent samtidig gav ut han ein antologi, Gud i moderne filosofi. Andre sider ved forskinga hans fann uttrykk i Arbeid og menneskeverd og Menneskets fridom, den sistnemnde ei avhandling som blei premiert av Christian Michelsens Institutt.

Tenkningens historie

Stigens kanskje viktigaste verk er likevel tobandsverket Tenkningens historie (1983), ei lærebok i filosofihistorie til examen philosophicum. Det er her hans eigne høgaste aspirasjonar kjem til uttrykk: å formidle filosofiske kunnskapar og innsikter til andre.

Det var gleda over å kunne formidle kunnskapar som dreiv han, til liks med opplysingstidas folkeopplysarar: «Hvad solskind er for det svarte muld, er sand oplysing for muldets frænde». Han ville, som han sa, «aldri skrive noko som dei gamle foreldra mine ikkje kunne ha forstått». Det er ei fordringsfull målsetjing. Populariteten til Tenkningens historie kan kanskje lesast som eit teikn på at han lukkast.

Verv og utmerkingar

Anfinn Stigen var medlem av Det Norske Videnskaps-Akademi frå 1987.

Utgjevingar (utval)

  • Betydning og mening, handling og ytring, Århus, 1965, norsk utgave i 1967
  • The Structure of Aristotle’s Thought: An Introduction to the Study of Aristotle’s Writings, doktoravhandling, 1966
  • Gud i moderne filosofi. En antologi, 1968
  • Arbeid og menneskeverd, 1973
  • Aristoteliske grunnbegreper, 1974
  • Aristoteles. En innføring, 1977
  • Hva vil vi med livet vårt?, saman med Tor Edvin Dahl, Oslo, 1978
  • Menneskets frihet, 1982
  • Tenkningens historie, to bind, 1983; nynorsk utgave Tusenårs tenking, to bind, 1986–1987

Omsetjingar (utval)

  • Platon: Gorgias, 1971
  • Platon: Gjestebodet, 1972
  • Platon: Sokrates' forsvarstale, 1972
  • Platon: Kriton og Faidon, 1973
  • Aristoteles: Etikken, 1973
  • Platon: Staten, 1979
  • Aristoteles: Den nikomakiske etikk, saman med Øyvind Rabbås, 1978

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Brynjulv Bleken, Olav Næs, Anfinn Stigen: Doktordisputas om sprogstriden. Oslo 1969
  • Inga Bostad (red.): Filosofi på norsk, bd. 1. Oslo 1995
  • Filosofihistorie, mening og handling. Til Anfinn Stigen på femtiårsdagen 22. oktober 1973, 1973

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg