Faktaboks

Anna Sandnes

Anna Marie Sandnes

Fødd
30. januar 1903, Vanylven, Møre og Romsdal
Død
15. februar 1988

Anna Sandnes var ein norsk lyrikar. Ho debuterte som forfattar seint i livet. Dei typisk modernistiske temaa angst, einsemd og framandgjering er viktige i dikta hennar.

Sandnes var fødd i SyvdeSunnmøre. Ho kom frå gard. Alt i barndomstida var helsa skral, men ho gjekk handelsskule og hadde seinare typiske kvinneyrke på den tida. Først seksti år gammal gav ho ut barneboka Basta Bom i 1963, og debuterte som lyrikar tre år seinare med samlinga Med levande lys. Fem diktsamlingar følgde. Den siste, Sol om kvelden, kom i 1980.

Dikta Sandnes skreiv syner eit søkjande diktar-eg. Vanitasmotivet er tydeleg i samlinga Andlet i vatn frå 1970. Biletbruken og titlane i nokre av dikta, røper auge for det heimlege. Eit døme er «Ved fjøre sjø» frå samlinga med same namn frå 1973, men lyrikken hennar er ikkje heimstaddikting. Eksistensielle og religiøse spørsmål opptek Sandnes som høyrer til i ein modernistisk tradisjon. Kvinneperspektivet kan skine gjennom, men det er snarare det allmennmenneskelege som interesserer.

Sandnes fekk Sunnmørsprisen i 1967 saman med Anna Skeide.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Irene Engelstad med fleire: Norsk kvinnelitteraturhistorie bd. 3. Oslo 1990
  • Jostein Fet: Sunnmørsdiktarar 1600-1975. Eit diktutval med biografiar og bibliografiar. Oslo 1977
  • Ivar Grimstad: «Med levande lys», Kirke og kultur 1968, s.617-23

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg