Hopp til innhold
X
Innhald

Anton Martinius Schweigaard

Anton Martinus Schweigaard, 1808–70, var jurist, økonom og politikar. Frå 1840 verka han som professor i lovkunne, statsøkonomi og statistikk ved Universitetet i Christiania. Frå 1842 til 1869 var han stortingsrepresentant. Schweigaard spela ei vesentleg rolle i utarbeidinga av viktige lover, mellom anna handelslova av 1842, toll-lova av 1845 og sjøfartslova av 1860.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 06.04.2016
Sist oppdatert: 06.04.2016