Faktaboks

Antonio Salieri
Uttale
saliˈeri
Fødd
18. august 1750, Legnago, Republikken Venezia (i dag Italia)
Død
7. mai 1825, Wien, Austerrike
Portrett av Antonio Salieri, malt av Joseph Willibrord Mähler i 1815.
.

Antonio Salieri var ein italiensk komponist og musikkpedagog i den klassiske perioden. Han hadde fleire stillingar ved det austerrikske keisarhoffet, og var ein av tidas fremste operakomponistar.

Biografi

Kring 1763 døydde båe foreldra til Salieri, og etter eit kort opphald på barneheim hamna han eit par år seinare hjå adelsmannen Giovanni Mocenigo i Venezia. I 1766 blei han oppdaga av Florian Leopold Gassmann, som var hoffkammerkomponist for keisar Josef II i Wien. Gassmann introduserte Salieri for keisaren og for Christoph Willibald Gluck, som skulle bli ein viktig ven og døropnar.

I 1770 skreiv Salieri ein opera til karnevalsfeiringa i Wien, og dette skulle bli startskotet på ein operakarriere som skulle vara i 35 år. Tidleg i 1774 døydde Gassman, og Salieri tok over stillinga hans som assisterande direktør ved den italienske hoffoperaen. Takk vere ei anbefaling frå Gluck fekk Salieri etter 1783 fleire førespurnadar om å skrive opera frå Paris; den fyrste av desse, Danaïdes (Danaidane), etter ein tragedie av Aiskhylos, forblei framført i 40 år i Paris. I 1788 blei han keisarleg kapellmeister, etter at Giuseppe Bonno døydde.

Etter 1804 trekte Salieri seg attende frå operaverda. Han hadde lenge verka som songpedagog, og i dei siste tiåra var han viktig som komposisjonslærar. Blant elevane hans finn ein Ludwig van Beethoven, Franz Schubert og Franz Liszt.

Verk

Salieri har ein stor og omfangsrik verkkatalog. Han er i dag hovudsakleg kjent som komponist av opera og kyrkjemusikk. Blant vokalverka hans som har overlevd finn ein 40 operaer, to oratorium, fem messer, to rekviem og ei mengd med enkeltariar og mindre kyrkjeverk; han skreiv òg to symfoniar og seks konsertar. Verket «Variasjonar på La Folia» er rekna som den tidlegaste tema og variasjon-verket for orkester.

Musikken til Salieri var lenge gløymt, men delar av operaproduksjonen hans er i ferd med å bli gjort tilgjengeleg i både lyd- og biletopptak.

Salieri og Mozart

Salieri er i dag hovudsakleg kjent frå filmen Amadeus (1984) av Miloš Forman, der han motarbeidar og til slutt prøver å ta livet av Wolfgang Amadeus Mozart. Mozart og Salieri kjende til kvarandre, men ingen ting tydar på dei var rivalar, og Salieri hadde ikkje noko med dødsfallet til Mozart å gjera.

Les mer i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg