Hopp til innhold
Foto: Aschehoug
Foto: Aschehoug
X
Innhald

Arild Stubhaug

Arild Stubhaug er lyrikar, matematikar, ein framifrå formidlar av avansert vitskap og ein prisløna forfattar av biografiar om matematikarar.

Arild Stubhaug er fødd 25. mai 1948 i Naustdal i Sunnfjord, er oppvaksen i Fitjar og busett i Røyken. Han er utdanna cand.mag., med matematikk, litteraturvitskap og religionshistorie frå Universitetet i Bergen i 1971. Stubhaug arbeidde ved Nordiska Folkhögskolan i Kungälv i Sverige i 1973 og 1975, var tilsett som «poet in residence» ved University of Washington, Seattle i 1977 og var medredaktør i tidsskriftet BASAR i 1977–80. Han fekk Statens garantiinntekt for kunstnarar frå 1979 og blei statsstipendiat i 2005.
Stubhaug debuterte som forfattar med diktsamlinga Utkantane i 1970. Seinare har han gitt ut ei rekkje diktsamlingar på nynorsk, mellom anna Du ber vatn i hendene (1973), Eld i sol (1988), Dikt i samling (2004) og visdomsdikt i Lemmata (2008) Han har òg gitt ut lyriske prosatekstar inspirerte av reiser i Europa og USA, mellom anna På kanten av kartet (1976), Manhattan (1980) og Til avtalt tid (1979) saman med Kari Bøge.
Stubhaug har skrive prisløna biografiar om matematikarar, og han forklarer og levandegjer matematiske problem i bøkene om Niels Henrik Abel (1996) og (2004), Sophus Lie (2000) og Gösta Mittag-Lefler (2007). Han har òg skrive om juristen og lyrikaren Conrad Nicolai Schwach (2004) og om politikaren, embetsmannen og Eidsvoll-mannen Jacob Aall (2014). I 2010 kom Den lange linjen. Historien om Videnskabsselskabet i Trondheim. Den raude tråden i den biografiske delen av forfattarskapen er at Stubhaug skriv om sentrale og viktige vitskapsfolk og embetsmenn.
Han var leiar for Den norske Forfatterforenings litterære råd (1995–98), nestleiar i styret i foreininga (2008–10) og nestleiar i Stiftelsen Litteraturhuset (2007–09).
Stubhaug blei tildelt Brageprisen i 1996 for Et foranskutt lyn, Arthur Holmeslands pris for sakprosa (2000), Norsk språkråds språkpris (2001), utnemnd til æresdoktor ved Universitetet i Oslo (2002), Det Norske Akademis Pris (2008) og Doblougprisen (2010). Bøkene hans er omsette til fleire språk.
Kjelder
E-post frå Arild Stubhaug 20.10.2011
Øystein Rottem: Norges litteraturhistorie, bd. 3. Oslo 1997
Arild Stubhaug, forfattarside, Aschehoug.no,  http://www.aschehoug.no/forfattere/alfabetisk/vis?contentItemId=652612 [lesedato 11.10.2011]
Peikarar
Framlegg om Stubhaug som statsstipendiat

Først publisert: 24.01.2012
Sist oppdatert: 14.08.2019