Faktaboks

Arnold Schönberg

Arnold Franz Walter Schönberg

Uttale
ʃˈø:nberk
Fødd
13. september 1874, Wien, Austerrike
Død
13. juli 1951, Los Angeles, USA
Arnold Schönberg, 1927
Arnold Schönberg, fotografert av den berømte amerikanske fotografen Man Ray i 1927
Arnold Schönberg, 1948
Arnold Schönberg i heimen sin i Brentwood i California i 1948. På veggen heng tre av sjølvportretta hans.
Av /Arnold Schönberg Center, Wien.

Arnold Schönberg var ein austerriksk komponist og målar. Han var ein pioner for både atonal og seriell musikk – dei kanskje mest banebrytande nyvinningane innanfor klassisk musikk på 1900-talet.

Atonal musikk Schönberg var den første til å komponere atonalt, altså utan å orientere musikken rundt eit tonalt sentrum. Han hadde fleire teknikkar for å strukturere musikken, der den viktigaste var tolvtoneteknikken (dodekafoni). Denne teknikken la grunnlaget for den moderne serialismen, der ein organiserer alle musikalske parametrar i liknande rekkjer.

Heilt sidan musikken og teoriane hans vart kjende, har Schönberg vore ein av dei mest splittande personlegdomane i musikkhistoria. Han forma den klassiske tradisjonen på 1900-talet meir enn nokon annan, men auka samstundes gapet mellom dei profesjonelle komponistane og den lyttande allmenta. Frå Webern og Berg til Pierre Boulez, Karlheinz Stockhausen og vidare heldt påverknaden frå Schönberg stand gjennom skiftande estetikkar og komposisjonsmetodar gjennom heile 1900-talet og fram til i dag.

Biografi

Schönberg kom frå ein rimeleg fattig familie, og då faren døydde i 1891, slutta han på skulen og fekk seg jobb i ein bank. Han tok aldri formell utdanning, men då han var i tjueåra, fekk han inntekt mellom anna ved å arrangere operettar og ta andre lause jobbar i musikkindustrien.

Seinare arbeidde han mykje som lærar, og dei mest prominente elevane hans i Wien var Anton Webern og Alban Berg, som saman med Schönberg dannar det vi kallar «den andre wienerskulen». Sidan komposisjonsverksemda hans ikkje gav noka nemneverdig inntekt, arbeidde han med undervisning sjølv etter at han vart ein verdskjend komponist.

Radikal seinromantikar

Det vesle Schönberg fekk av formell musikkopplæring, fekk han i Wien av venen og kollegaen Alexander von Zemlinsky, som han òg spela saman med i eit amatørensemble, men i all hovudsak var Schönberg sjølvlærd som komponist. Han var fattig, og dei radikale komposisjonane hans vart fiendtleg mottekne i Wien. Berre takka vere progressive musikkforeiningar og prominente støttespelarar som Richard Strauss og Gustav Mahler gjekk det rundt økonomisk.

Eit sentralt tidleg verk er den seinromantiske strykesekstetten Verklärte Nacht, opus 4, skrive i 1899, men først framført i 1902. Det symfoniske diktet Pelleas und Melisande, opus 5 (1902, premiere 1905), Strykekvartett, opus 7 (1905, premiere 1907) og Kammersymfoni for femten soloinstrument, opus 9 (1906), som høyrer til den same gruppa av tonale komposisjonar, er framleis mellom dei mest populære verka hans og vert oftare framførte enn mange av dei «viktigare» atonale verka.

Ekspresjonisme og «dissonansen si frigjering»

Sidan hundreårsskiftet hadde Schönberg sin musikk strekt grensene for den seinromantiske tonaliteten lenger og lenger, og i 1908 var han klar for det endelege brotet. To av dei første atonale verka hans, 15 dikt frå «Den hengande hagen», opus 15 (1908–1909) og Erwartung, opus 17, var begge bygde på radikale tekstar om «forbodne» emne som seksualitet og galskap. Schönberg sitt brot med dei tonale normene kan dermed sjåast i samanheng med dei samtidige normbrota som ekspresjonismen framkalla innanfor både litteratur og målarkunst, rørsler som Schönberg identifiserte seg tett med.

I programmet til Den hengande hagen bruker Schönberg for første gong uttrykket «dissonansen si frigjering», som illustrerer kva den atonale revolusjonen eigentleg var. Musikk med kvasse dissonansar og lange strekk utan kontakt med grunntonearten var allereie etablerte trekk i seinromantikken, særleg hos Strauss og Richard Wagner. Det Schönberg gjorde, var å «frigjere» dissonansane heilt, ved å fjerne behovet for harmonisk oppløysing, som hadde vore eit grunnleggjande trekk i den vestlege musikken.

Som venta vart ikkje den nye musikken møtt med særleg forståing hos publikum. Først med det ironiske monodramaet Pierrot lunaire, opus 21 (1912) greidde han å få eit visst gjennomslag, og verket har sidan vorte ståande som eit sentralt verk i den modernistiske kanonen. Svært viktig var òg teoriverket Harmonielehre frå 1911. Likevel er det ein påfallande skilnad mellom plassen hans i musikkhistoria og plassen hans i repertoaret, særleg dersom ein samanliknar han med nær samtidige komponistar som Mahler og Sergej Rachmaninov, som vert svært mykje framførte, men rekna som mindre «viktige» musikkhistorisk.

Tolvtonemusikk

Krigsåra vart tronge for Schönberg, sidan mange av studentane hans vart utkalla til militærteneste og marknaden for ny musikk meir eller mindre forsvann. Han komponerte lite, men då krigen var over, kom ei ny bølgje av interesse for verka hans. Samstundes gjekk han sjølv delvis bort frå det ekspresjonistiske uttrykket, til fordel for absolutt musikk, altså musikk som ikkje prøver å uttrykkje noko anna enn seg sjølv. Denne musikken strukturerte han med den nye tolvtoneteknikken.

Tolvtoneteknikken innebar å setje saman alle dei tolv tonane i den kromatiske skalaen til ei rekkje, og så komponere berre ved hjelp av denne rekkja, i alle moglege variantar. Denne teknikken tillét Schönberg å finne attende til fleire av dei gamle, klassiske formmodellane, noko som vert spegla i titlane på verka hans, frå dei første tolvtoneverka, Fem pianostykke, opus 23, Serenade, opus 24, og Suite for piano, opus 25, til seinare verk som Variasjon for orkester (1926–1928), to strykekvartettar (1927 og 1936), Konsert for fiolin (1935–1936) og Konsert for piano (1942).

Schönberg flytta attende til Berlin i 1920-åra, men då nazistane fekk makta, vart det farleg å verte verande. I 1934 reiste han, først til Frankrike og så til Los Angeles, der han hadde ei stilling som komposisjonsprofessor ved UCLA heilt til han pensjonerte seg i 1944.

Hovudverk

Orkestermusikk

  • Verklärte Nacht, opus 4, for strykeorkester (1917)
  • Pelleas und Melisande, opus 5 (1902–1903)
  • Kammersymfoni nr. 1, E-dur, opus 9 (1906)
  • Kammersymfoni nr. 2, ess-moll, opus 38 (1906–1939)
  • Fem orkesterstykker, opus 16 (1909)
  • Fiolinkonsert, opus 36 (1935–1936)
  • Klaverkonsert, opus 42 (1942)

Kammermusikk

  • Verklärte Nacht, opus 4, for strykesekstett (1899)
  • Strykekvartett nr. 1, d-moll, opus 7 (1904–1905)
  • Strykekvartett nr. 2, fiss-moll, opus 10 (1907–1908)
  • Strykekvartett nr. 3, opus 30 (1927)
  • Strykekvartett nr. 4, opus 37 (1936)
  • Blåsekvintett, opus 26 (1923–1924)

Klavermusikk

  • Tre klaverstykker, opus 11 (1909)
  • Seks små klaverstykker, opus 19 (1911)
  • Fem klaverstykker, opus 23 (1920–1923)
  • Suite for klaver, opus 25 (1921–1923)
  • Klaverstykke, opus 33a (1928–1929)
  • Klaverstykke, opus 33b (1931)

Vokalverk

  • Gurrelieder, soli, kor og orkester (1900–1911)
  • Das Buch der hängenden Gärten, opus 15, song og klaver (1908–1909)
  • Erwartung, opus 17, monodrama (1909)
  • Die glückliche Hand, opus 18, drama med musikk (1910–1913)
  • Pierrot lunaire, opus 21, for «Sprechstimme» og instrument (1912)
  • Die Jakobsleiter, oratorium (uferdig, 1917–1922)
  • Von heute auf Morgen, opus 32, opera (1928–1929)
  • Moses und Aron, opera (uferdig, 1930–1932)
  • Ode to Napoleon Buonaparte, opus 41, for resitasjon og instrument (1942)
  • A survivor from Warsaw, opus 46, for resitasjon, kor og orkester (1947)
  • Dreimal tausend Jahre, opus 50a (1949)
  • De profundis, opus 50b, for blanda kor (1950)

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Auner, Joseph Henry (2003). A Schoenberg reader: Documents of a life
  • Bjerkestrand, Nils E. (1998). Om satsteknikken i Arnold Schönbergs musikk
  • Brand, Juliane og Hailey, Christopher, red. (1997). Constructive Dissonance. Arnold Schoenberg and the Transformations of Twentieth-Century Culture
  • Brand, Juliane m.fl., red. (1987). The Berg-Schoenberg correspondence
  • Dahlhaus, Carl (1987). Schoenberg and the new music
  • Frisch, Walter, red. (1999). Schoenberg and his world
  • Frisch, Walter (1993).The Early Works of Arnold Schoenberg, 1893–1908
  • Reich, Willi (1971). Schoenberg: A critical biography
  • Shawn, Allen (2003). Arnold Schoenberg's journey
  • Simms, Bryan R. (2000). The atonal music of Arnold Schoenberg, 1908-1923
  • Simms, Bryan R., red. (1999). Schoenberg, Berg, and Webern: A companion to the second Viennese school
  • Smith, Joan Allen (1986). Schoenberg and his circle
  • Stuckenschmidt, H.H. (1977). Schoenberg: His life, world and work
  • Wikshåland, Ståle (1996). Arnold Schönberg og bruddets poetikk
  • Wright, James K. (2005). Schoenberg, Wittgenstein and the Vienna Circle

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg