Hopp til innhold

Arnulv Sudmann

Arnulv Sigurd Sudmann, journalist og leksikonredaktør. Han var hovudredaktøren for det største og mest originale oppslagsverket som er blitt laga på nynorsk.

Sudmann var fødd på Voss 19. juni 1912 og døydde 30. april 1981. Han var mag.art. i psykologi frå 1942, hadde før dette vore journalist i Norsk Tidend 1935–36 og var journalist i Nynorsk Vekeblad 1941–43, før han tok over som redaktør 1943–45.
 
Frå 1945 var han redaktør for tibandsverket Norsk Allkunnebok, men det store bokprosjektet gjekk over styr økonomisk lenge før siste bandet kom i 1966.
 
Sudmann var lektor ved Gudbrandsdal off. landsgymnas 1960–61, sekretær for nynorsk i Norsk språknemnd 1961–72 og kontorsjef for nynorsk i Norsk språkråd 1972–80.
 
Kjelder
Ottar Grepstad: Viljen til språk. Ei nynorsk kulturhistorie. Oslo 2006

Først publisert: 24.09.2009
Sist oppdatert: 29.04.2013