Hopp til innhold
X
Innhald

Asbjørn Sunde

Asbjørn Sunde, motstandsmann under andre verdskrigen. Under dekknamnet «Osvald» leidde han ei av dei mest aktive sabotasjegruppene i motstandskampen. Sunde var aktiv kommunist og vart i 1954 dømd til åtte års fengsel for spionasje for Sovjetunionen.

Asbjørn Sunde var fødd 26. desember (enkelte stader er 27. desember oppgitt) 1909 i Rørvik og døydde 23. april 1985 i Oslo. Han voks opp i Kopervik på Karmøy, men 16 år gamal flytta han til Horten. Han livnærte seg som sjømann og av ymse nødsarbeid. I 1932 melde han seg inn i Noregs Kommunistiske Parti (NKP), og i 1937–38 deltok han som frivillig i borgarkrigen i Spania.

Etter at han var komen heim, vart Sunde trekt inn i den norske seksjonen av Wollweber-gruppa, ein kommunistisk og anti-nazistisk sabotasjeorganisasjon som stod under sovjetisk leiing. Då tyskarane okkuperte Noreg, vart dette kjernen i Osvald-gruppa, med Sunde som sjef.

Osvald-gruppa gjennomførte fleire sabotasjehandlingar mot okkupasjonsmakta enn noka anna motstandsgruppe. Tyskarane og NS-styresmaktene sette mykje inn på å stoppe aktiviteten deira, og 35 av dei om lag 200 gruppemedlemene miste livet i kamp, etter tortur eller ved avretting.

Etter krigen kom innsatsen til gruppa i skuggen, først og fremst på grunn av det anti-kommunistiske samfunnsklimaet under den kalde krigen. I 2013 vart dei åtte gjenlevande medlemene av gruppa offisielt heidra av forsvarsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen, og i 2015 vart det avduka eit monument over dei ved Oslo sentralbanestasjon.

Video: «Asbjørn Sunde og Osvaldgruppen», NRK Skole.

Motstandsaktivitet

Alt 9. april 1940 hjelpte Asbjørn Sunde leiaren av Wollweber-organisasjonen, tyskaren Ernst Wollweber, å flykte til Sverige. Wollweber hadde dei siste åra før krigsutbrotet budd i Oslo. Dagen etter spreidde Sunde og Osvald-gruppa rykte om britisk bombing av Oslo. Dette utløyste panikk og masseflukt frå byen, men gjorde det òg mogleg for mange norske vernepliktige å nå fram til mobiliseringsstadene.

Tyskaren Ernst Wollweber, som var leiar av Wollweber-organisasjonen. 9. april 1940 hjelpte Asbjørn Sunde Wollweber å flykte til Sverige. Fotograf ukjend. Kredit Mr. Moonlight, Flickr.com CC BY-SA 2.0.

Tyskaren Ernst Wollweber, som var leiar av Wollweber-organisasjonen. 9. april 1940 hjelpte Asbjørn Sunde Wollweber å flykte til Sverige. Fotograf ukjend. Kredit Mr. Moonlight, Flickr.com CC BY-SA 2.0.

I Spania hadde Sunde fått opplæring i sprengingsteknikk, og han tok kunnskapen i bruk ved fleire spektakulære aksjonar. Symbolsk viktige var dei kraftige eksplosjonane på Aust- og Vestbanestasjonen i Oslo 1. februar 1942, same dagen som Vidkun Quisling vart innsett som ministerpresident. Seinare var det sprengingsaksjonar mellom anna i Statspolitiet sitt hovudkvarter i Oslo, Oslo arbeidskontor, storbedrifta Per Kure og på fleire jernbanelinjer. Osvald-gruppa gjennomførte òg likvidasjonar av angivarar og statspolitifolk. Sunde medverka til at det vart bygd opp ein tilsvarande organisasjon på Vestlandet, Saborg.

Konfliktar

Asbjørn Sunde vert omtalt som intelligent, modig, kaldblodig og handlekraftig, men òg hard og eigenrådig. Han var overtydd om at sabotasjeaktiviteten var nødvendig for å vise styrke og vilje i motstandskampen, sjølv om aksjonane kunne provosere fram tyske represaliar. Særleg i første del av krigen førte det Sunde opp i konfliktar med eksilregjeringa i London og med Milorg, som stod for ei meir forsiktig linje.

Også forholdet til NKP og den mektige generalsekretæren Peder Furubotn vart etter kvart vanskeleg. Furubotn ville prioritere den politiske motstandskampen, og då han i februar 1944 kravde å få kontroll over aktivitetane til Osvald-gruppa, kom det til brot mellom Sunde og Furubotn. Sunde hadde på dette tidspunktet planar om å utvide sabotasjeaktiviteten til partisankrig, men i staden fekk han sommaren 1944 ordre frå Moskva om å avvikle verksemda si. Gruppa hadde då ei tid vore under hardt press frå Gestapo, og Sunde sjølv, kona og sonen hans kom så vidt frå det med livet då tyskarane gjekk til angrep på hovudkvarteret på Sollia pensjonat 30. mai 1944.

Etter krigen

I 1947 gav Asbjørn Sunde ut boka Menn i mørke, som fekk mange lesarar. Han heldt òg ein del føredrag om krigsopplevingane sine. Han hadde likevel vanskeleg for å tilpasse seg livet under meir fredelege tilhøve. Mange år med krig og nervepress hadde kravd sitt. Mellom anna sleit han med alkoholproblem, og han miste ein sjåførjobb på grunn av promillekøyring. Han leid også av Bekhterevs sjukdom og hadde store smerter i ryggen.

Etter kvart kom det meir open kritikk mot Sunde og Osvald-gruppa, både i samband med det interne oppgjeret i NKP og frå anna hald. Det vart hevda at dei hadde likvidert folk og øydelagt verdiar utan rimeleg grunn og i strid med parolar frå norske styresmakter.

Foto av ei av NKP sine faner 1. mai 2015. Same dag vart Osvald-monumentet «Knus nazismen» avduka på Jernbanetorget i Oslo. Foto: GGAADD, Flickr.com CC BY-SA 2.0.

Foto av ei av NKP sine faner 1. mai 2015. Same dag vart Osvald-monumentet «Knus nazismen» avduka på Jernbanetorget i Oslo. Foto: GGAADD, Flickr.com CC BY-SA 2.0.

Dommen

Etter krigen hadde Sunde ein del kontakt med tenestemenn ved den sovjetiske ambassaden i Oslo. Det vekte mistanke i Overvakingspolitiet. Dei spana på han i fem år, og i januar 1954 vart han arrestert og seinare dømd til åtte års fengsel for spionasje.

Dommen har vore omstridd. Historikaren Lars Borgersrud og biografane Morten Conradi og Alf Skjeseth har hevda at denne dommen var utslag av den hysteriske anti-kommunistiske stemninga i Noreg i 1950-åra. VG stempla til dømes Sunde som «den fødte terrorist». I boka Raud krigar, raud spion (1989) har Egil Ulateig derimot argumentert for at dommen var korrekt og velgrunna. Etterforskingsmaterialet i saka er framleis ikkje frigitt.

Sunde vart sett fri i 1959 og levde deretter eit stille liv som uføretrygda i Oslo.

Heider

Frå 1990-åra og utover har Asbjørn Sunde og Osvald-gruppa vorte framstilt i eit meir positivt lys og heidra på ulike måtar. Monumentet over gruppa ved Oslo Sentralbanestasjon, laga av Bjørn Melbye Gulliksen og avduka våren 2015, skapte likevel debatt, ikkje minst på grunn av det «sovjetinspirerte» formspråket.

Kjelder

Lars Borgersrud og Inge Bjørnar Eriksen: Sabotører i vest. Sabotasjeorganisasjonen på Vestlandet 1940–1945. Bergen 2015

Lars Borgersrud: Nødvendig innsats. Sabotørene som skapte den aktive motstanden. Oslo 1997

Morten Conradi og Alf Skjeseth: Osvald. Storsabotøren Asbjørn Sunde. Oslo 2015

Ivar Kraglund og Arnfinn Moland: Norge i krig. bd. 6: Hjemmefront. Oslo 1987

Egil Ulateig: Raud krigar, raud spion. Oslo 1989

Peikarar

Thomas Alkärr: «Asbjørn Sunde og Osvaldgruppa», nrk.no

Lars Borgersrud: «Krigssabotasje», radikalportal.no

Gunnar Thorenfeldt: «Å frigi spiondokumenter 'vil kompromittere PSTs kilder og metoder'», dagbladet.no

Harald Stanghelle: «Et byrom sprenges», aftenposten.no

«Byantikvaren vil ikke ha Osvald-monument på Jernbanetorget», osloby.no

Først publisert: 09.03.2016
Sist oppdatert: 23.04.2020