Hopp til innhold
Åse Gruda Skard, 1958. Foto: Rude, Nasjonalbiblioteket på Flickr.com (No known copyright restrictions, public domain).
Åse Gruda Skard, 1958. Foto: Rude, Nasjonalbiblioteket på Flickr.com (No known copyright restrictions, public domain).
X
Innhald

Åse Gruda Skard

Åse Gruda Skard, psykolog. Ho lærte generasjonar av nordmenn moderne barneoppseding og blei dermed kalla «hele Norges bestemor».

Skard var fødd i Oslo 2. desember 1905 og døydde 13. august 1985. Skard, fødd Koht, blei mag.art. i psykologi ved Universitetet i Oslo i 1931. Ho arbeidde ved fleire forskingsinstitusjonar og universitet, og ho var dosent ved Universitetet i Oslo 1947–73.
 
Skard blei ein internasjonalt respektert psykolog, og særleg skriftene hennar om born og borns utvikling nådde langt ut.
 
Ho redigerte Norsk Pedagogisk Tidsskrift 1936–73, med alt redaksjonelt stoff på nynorsk, og ho var barnebokkonsulent for både Noregs Boklag og Det Norske Samlaget frå 1946. Ho publiserte fagbøker på begge målformer, skreiv den første boka, Pedagogisk psykologi (1935), saman med mora, Karen Grude Koht, og utvikla ein psykologisk populærvitskap, særleg gjennom foredrag og avisartiklar. Det gav henne tilnamnet «hele Norges bestemor». 
 
Skard var æresdoktor ved Universitetet i Bergen.
 
Åse Gruda Skard, 1941. Foto: Bachrach, Nasjonalbiblioteket på Flickr.com (No known copyright restrictions, public domain)
Åse Gruda Skard, 1941. Foto: Bachrach, Nasjonalbiblioteket på Flickr.com (No known copyright restrictions, public domain)
 
Kjelder
Ottar Grepstad: Det litterære skattkammer. Oslo 1997
Ottar Grepstad: Viljen til språk. Ei nynorsk kulturhistorie. Oslo 2006
 
Peikarar

Først publisert: 25.09.2009
Sist oppdatert: 25.07.2017