Faktaboks

Åsmund Lønning Strømnes

Åsmund L. Strømnes

Fødd
14. oktober 1927, Harstad, Troms og Finnmark
Død
3. desember 2009, Eidsvoll, Viken

Åsmund Lønning Strømnes var ein norsk pedagog og professor.

Åsmund L. Strømnes var fødd i Trondenes i Harstad. Etter examen artium i 1947 tok han lærarprøva ved Volda offentlege lærarskule (no Høgskulen i Volda) i 1951. I ti år arbeidde han som lærar i folkeskulen, tok magistergraden i pedagogikk ved Universitetet i Oslo i 1961 og doktorgraden same staden i 1968. Fram til 1973 var han universitetslektor og dosent ved Universitetet i Oslo. I 1973 vart han tilsett som professor i skuleforsking ved Universitetet i Tromsø (no UiT Norges arktiske universitet), og frå 1985 til 1997 var han professor i pedagogikk ved Universitetet i Trondheim (no NTNU).

Som forskar var han oppteken av mellom anna pedagogisk og fagdidaktisk grunnlagstenking, samanhengen mellom kunnskapsteori og pedagogikk, klasseromsforsking og skulehistorie. I tillegg til fleire bøker har han skrive over hundre artiklar innanfor pedagogikkfeltet. Strømnes var opptatt av lærarutdanning, og har publisert bøker og artiklar på dette området, særlig om den praktiske delen av utdanninga. I fleire forskningsprosjekt har han undersøkt øvingsopplæringa sin historie på 1900-talet, og studert tilhøvet mellom øvingslærarar og lærarstudenter. Frå 1985 til 2008 var han hovudredaktør for tidsskriftet Scandinavian Journal of Educational Research.

Strømnes hadde mange administrative oppgåver og verv, mellom anna som medlem i Lærarutdanningsrådet i 1969–1975 og formann i Norsk Samfunnsvitenskapelig Datatjeneste i 1971–1974. I 1974–1976 var han dekan ved det samfunnsvitskaplege fakultetet ved Universitetet i Tromsø. I 1993–1996 var han styrar ved Pedagogisk institutt ved Universitetet i Trondheim (nå NTNU).

Etter at han vart pensjonist i 1997, busette Strømnes seg i Eidsvoll. Her engasjerte han seg mellom anna i lokalhistorisk arbeid, samstundes som han heldt fram med å arbeide som fagpedagog. I 2007 vart han kreert til æresdoktor ved Uppsala universitet.

Utgivelser

  • Praktisk lærarutdanning. Gløtt frå øvingsopplæring i lærarskolen. Universitetsforlaget, 1974
  • Starten i læraryrket. Universitetsforlaget, 1979
  • Kunnskapssyn og pedagogikk. Historisk analyse og jamføring. Trondheim, 1993
  • Folkeskulelærarar i Fattig-Noreg. Ein studie frå første halvdel av det tjuande hundreåret. Trondheim, 2006

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Rolf Grankvist, Sigrun Gudmundsdottir og Marit Rismark (red.): Klasserommet i sentrum. Festskrift til Åsmund Lønning Strømnes. Trondheim, 1997
  • Nils Søvik: Pedagogisk institutt NTNU 1946–1996. Trondheim, 2008

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg