Hopp til innhold
X
Innhald

Axel Strøm

Axel Strøm, 1901–85, var lege, helseinspektør i Oslo frå 1934 til 1940, professor i hygiene ved Universitetet i Oslo i perioden 1940–51, professor i sosialmedisin i perioden 1951–71 og president i Den norske lægeforening frå 1948 til 52. Han var æresmedlem i foreininga frå 1961. Strøm gav ut ei rekkje lærebøker.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 26.04.2012
Sist oppdatert: 26.04.2012