Faktaboks

Bjørn Skagestad
Fødd
5. september 1950, Oslo
Verke
Skuespiller
Familie

Foreldre: Teatersjef Tormod Skagestad (1920–97) og maler Karin Anna Jalm (1922–).

Gift 1986 med frisør Hanne Haug (11.6.1959–).

Bjørn Skagestad
Skodespelar Bjørn Skagestad (2009).
Bjørn Skagestad
Av /NTB .

Bjørn Skagestad er ein norsk skodespelar. Han debuterte ved Det Norske Teatret, der han var tilsett frå 1969 til 1987, og frå 1988 ved Nationaltheatret. Han har markert seg som ein allsidig skolespelar, ein av dei fremste i den generasjonen han høyrer til.

Bakgrunn

Bjørn Skagestad er fødd i Oslo. Etter realskulen byrja han på teaterlinja ved Romerike Folkehøgskole og var elev ved Rogaland Teater. I 1969 debuterte han som skodespelar i rolla som Gudleik i Læraren av Arne Garborg ved Det Norske Teatret, der han var tilsett fram til 1987. Frå 1988 har han vore tilsett ved Nationaltheatret.

Bjørn Skagestad er sonen til Tormod Skagestad.

Teaterroller

Ved Det Norske Teatret hadde han roller som Ferdinand i Stormen av Shakespeare (1970), Benjamin i Påske av Strindberg (1972), Konstantin i Måken av Tsjekhov (1974) og fyrst Julian i Keisar og Galilæar (1987).

Skagestad har hatt ei rekkje sentrale roller ved Nationaltheatret, mellom anna som Osvald i Gengangere (1988), Helmer i Et dukkehjem (1990), tittelrolla i Onkel Vanja av Anton Tsjekhov (1994), Johannes Rosmer i Rosmersholm (1998), tittelrolla i Faust av Goethe (1999), venen i Dødsvariasjonar (2001) av Jon Fosse, Gajev i Kirsebærhaven av Tsjekhov (2003), grosserar Werle I Vildanden (2004), Ray i Blackbird av David Harrower (2006), biskop Edvard Vergérus i Fanny og Alexander av Ingmar Bergman (2009), pastor Manders i Gengangere (2014) og Jacob i Fortrolige samtaler (2016).

Skagestad har òg spela i oppsetjingar ved andre teater, med permisjon frå Nationaltheatret, til dømes hovudrolla som løytnant Glahn i Pan av Knut Hamsun (Oslo Nye Teater 1992), Georg von Trapp i Sound of Music (Edderkoppen 2008), fleire roller i Sangen om den røde rubin av Agnar Mykle (Riksteatret 2010), Job og Herodes i Bibelen (2013) og Herzl i Mein Kampf (2013), begge på Det Norske Teatret.

Film og fjernsyn

I Fjernsynsteatret har Skagestad hatt fleire roller. Særleg kan nemnast innsatsen hans i oppsetjinga Jenny av Sigrid Undset (1986). Han har medverka i fleire filmar og fjernsynsseriar, mellom anna Min älskade (1979), Liv og død (1980) og Svarte fugler (1983). Han hadde rolla som Erlend i Liv Ullmanns filmatisering av Kristin Lavransdatter (1995) og har elles vore med i fjernsynsseriar som Vestavind (1994–1995), Ved Kongens bord (2005), Størst av alt (2007) og Øyevitne (2014).

Prisar

Bjørn Skagestad fekk tildelt Radioteaterets Blå Fugl i 1991 og Per Aabels ærespris i 1998.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Leif Mæhle (red.): Det Norske Teatret 75 år. 1963–1988. Oslo 1988
  • Nils J. Ringdal: Nationaltheatrets historie 1899–1999. Oslo 2000
  • Jo Ørjasæter: Fjernsynsteateret til glede og forargelse. Oslo 1994

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg