Hopp til innhold
Christian Skredsvig, fotografert rundt 1910. Ukjend fotograf. Kjelde: Oslo Museum på digitaltmuseum.no. Inventarnr.: OB.F06428a. CC BY-SA 4.0.
Christian Skredsvig, fotografert rundt 1910. Ukjend fotograf. Kjelde: Oslo Museum på digitaltmuseum.no. Inventarnr.: OB.F06428a. CC BY-SA 4.0.
X
Innhald

Christian Skredsvig

Christian Eriksen Skredsvig, friluftsmålar som fekk gullmedalje på Salongen i Paris, den høgste utmerkinga ein kunstnar kunne få på den viktigaste årlege utstillinga i Frankrike fram til 1890-åra. Deretter vann han seg eit namn som kunstnar og forfattar heime i Noreg.

Christian Skredsvig var fødd 12. mars 1854 på Modum i Buskerud og døydde 19. januar 1924 i Eggedal. Etter omgangsskule fekk han friplass ved J.F. Eckersbergs malerskole fram til 1870. Han drog så til København og vart elev av landskapsmålar Vilhelm Kyhn, som hjelpte han med friplass på kunstakademiet. Han budde òg i Paris nokre år. Der var han elev av Léon Bonnat eit par månader frå 1874–75 og ei kort tid i 1880. I 1875 fekk han rettleiing av dyremålar Heinrich von Zügel i München.

Skredsvig stilte ut første gongen på industriutstillinga i Drammen i 1873, og i 1881 fekk han den prestisjetunge gullmedaljen på Salongen i Paris, den europeiske kunsthovudstaden, for eit fransk gardsmotiv. Med dette friluftsmålarstykket fekk han gjennombrotet sitt internasjonalt. Den første separatutstilling var i Fritzners Paviljong i Kristiania i 1886. Stemningsmåleriet «Seljefløyten» (1889) fekk ein sentral plass i norsk gullalderkunst.

Med ulike teknikkar veksla Skredsvig mellom naturalistiske dyre- og landskapsmåleri, portrett, religiøse motiv og folkloristiske motiv. Han var ein av dei norske målarane som raskast gjorde seg kjend med nye tendensar i fransk kunst, som til dømes plein air, det vil seie å måle i friluft. Skredsvig var mellom pionerane i utviklinga av frilufts- og stemningsmåleri i Noreg i 1880-åra. Skumringsbilete og studium av det skiftande lyset og atmosfæren i den rolege austlandsnaturen stod sentralt. Forsøket på å måle motiva på staden var eit nytt steg i framvoksteren av norsk landskapsmåleri på 1800-talet.

Det første større arbeidet i bokform var memoarane Dage og Nætter blandt Kunstnere (1908). Skredsvig skreiv òg forteljingar, dikt, skodespel, essay og artiklar på riksmål, med innslag av modum- og eggedalsdialekt. Den halvt sjølvbiografiske forteljinga om møllarsonen Even Strand vart publisert i åra 1912–16.

I 1889 var han jurymedlem på verdsutstillinga i Paris. Same året vart han heidra med den franske Æreslegionen og kjøpt inn av Musée du Louvre og Det kongelege slott i Kristiania. Han gjorde utsmykkingsarbeid for Nationaltheatret i 1899.

Skredsvig var representert ved mange utstillingar i Europa og USA. I 1908 vart han riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden, og i 1915 vart han æresmedlem i Kunstnerforbundet. Frå 1920 fekk han kunstnarstipend.

galleri

Frå Fleskum til Vinje

Den namngjetne Fleskumsommaren i 1886 arbeidde Skredsvig saman med Harriet Backer, Kitty Kielland, Gerhard Munthe, Eilif Peterssen og Erik Werenskiold på garden Fleskum i Bærum. Dei måla særnorske landskap i grenselandet mellom naturalisme og nyromantikk, og Skredsvig henta gjerne inspirasjon frå ulike kunstartar og frå folketradisjonen. Han freista å fange musikkens magi ei jonsoknatt i målarstykket «Sankthansaften».

Edvard Grieg og andre frå den norske kultureliten fann òg vegen til Fleskum for å utveksle idear og for å musisere i lag. Mellom gjestene var Eva Sars, som seinare vart gift med Fridtjof Nansen. Ho framførte songar av A.O. Vinje, tonesette av Grieg. Skredsvig, sjølv svært musikalsk, underheldt med å syngje folkeviser. I april dette året byrja han på eit motiv han kalla «Tonen», etter Bjørnstjerne Bjørnsons dikt i bondeforteljinga Arne. Då måleriet stod ferdig etter tre år, var tittelen endra til «Seljefløyten».

Sommaren 1887 måla Skredsvig «Vinjes barndomshjem» og «Vinje som gjetergutt» i Telemark. På denne tida skreiv han på manuset Min Bog med Billeder, eit forarbeid til Dage og Nætter blandt Kunstnere (1908), som var tileigna Grieg sitt minne. Eit brev til Skredsvig som Grieg skreiv kort tid før han døydde, var faksimilevedlegg i boka. Skredsvig sette ei teikning av komponisten i lag med Vinje og dei første notane til «Våren» på tittelbladet.

Brev frå Edvard Grieg til Christian Skredsvig, datert 14. juli 1907. Kjelde: Riksarkivet på media.digitalarkivet.no. Arkivref.: RA/PA-0353/E/L0001.

Brev frå Edvard Grieg til Christian Skredsvig, datert 14. juli 1907. Kjelde: Riksarkivet på media.digitalarkivet.no. Arkivref.: RA/PA-0353/E/L0001. Brevet er tilgjengeleg i digitalisert form hos Nasjonalbiblioteket: Edvard Grieg: Brev i utvalg 1862–1907, bd. 1, s. 657. Oslo 1998, nb.no.

Blikk for bøker

Tidleg i karrieren prøvde Skredsvig å illustrere Vinjes Storegut og måle frå Henrik Ibsens Peer Gynt. Blant andre diktarar han såg opp til, var Ivar Aasen, Hans E. Kinck og Herman Wildenvey. Beundringa for Asbjørnsen og Moe synte han i fleire portrett, og han måla «Hamsuns diktning» (1905). 

Også litteratur av naturalistane Guy de Maupassant og Émile Zola engasjerte. Jonas Lie, August Strindberg og andre i det nordiske miljøet i Paris gav Skredsvig verdfulle impulsar til diktargjerninga hans. I 1886 fekk han eit dikt på prent i det første nummer av bohembladet Impressionisten, der Christian Krohg var redaktør. Diktet, med motiv frå eit barndomsminne, var impresjonistisk i forma og hadde dialektinnslag. Som Krohg og Hans Jæger bygde Skredsvig også seinare på erfaringar frå eige liv i det litterære prosjektet sitt, men han vart ikkje like kontroversiell.

Skredsvig tematiserte ofte sosial mobilitet og sympati med dei svake i samfunnet. Forfattarskapen var liten, men populær i samtida. Det storfelte nettverket han hadde i kunstnarkrinsar, vart skildra i artiklar og essay. Eit skodespel med røynsler frå det første ekteskapet hans vart trykt i Samtiden i 1907, medan kunstnarportrettet av Even Strand, Skredsvigs alter ego, der det andre bandet er tileigna Gustave Flaubert in memoriam, fortel om ei dannings- og klassereise med stor kulturhistorisk interesse.

På leiting

I byrjinga av 1890-åra måla Skredsvig det religiøse hovudverket sitt, «Menneskenes Søn» (1891). Ei kort tid etter var han og Edvard Munch i Sør-Frankrike. Der oppmuntra han Munch til arbeidet med «Skrik». Sjølv vart han ikkje ekspresjonist, men måla poetiske landskap frå rivieraen, og han interesserte seg stadig meir for symbolismen. Døme er målarstykka «Et digt om døden» (1900) og «Et digt om livet» (1903).

I 1894 ville han slå seg ned i Eggedal for godt. Han vart inspirert av bygdelivet, som i målarstykket «Ungdomsfest i Eggedal» (1895), men Skredsvig kjende seg isolert. Han budde difor tidvis i Kristiania, og han reiste utanlands for å treffe kunstnarvener. Konflikten mellom utferdstrong og heimlengt prega Skredsvig heile livet og er eit gjennomgangstema i forfattarskapen og biletkunsten hans.

Kjelder

Edvard Beyer (red.): Norges litteraturhistorie. Oslo 1975

Anne Vira Figenschou ofl.: Christian Skredsvig. Oslo 2018

Edvard Grieg: Brev i utvalg 1862–1907, bd. 1, redigert og med kommentarar av Finn Benestad. Oslo 1998

Kai Hunstadbråten: «Modumsdialekten i Christian Skredsvigs diktning», Maal og Minne 1968

Torleiv Kronen: Christian Skredsvig. Liv og dikting. Oslo 1939

Christian Skredsvig: Dager og netter blandt kunstnere. Oslo 2010

Einar Sørensen ofl.: Christian Skredsvig. Virkelighet og fortelling. Oslo 2009

Ingrid Reed Thomsen: Christian Skredsvig. Oslo 1995

Victor Plahte Tschudi: Brevkunstneren. Christian Skredsvig i Roma og Paris. Oslo 2009

Marit Werenskiold: «Fleskum-kolonien 1886 og den norske sommernatt. Naturalisme eller nyromantikk?», Kunst og kultur nr. 1/1988

Peikarar

Nettstaden til museet Hagan, skredsvig.no

Kunst av Christian Skredsvig, nasjonalmuseet.no

Først publisert: 26.02.2020
Sist oppdatert: 12.03.2020