Hopp til innhold

Dmitrij Sjostakovitsj

Dmitrij Sjostakovitsj var ein av dei viktigaste sovjetiske komponistane. Trass i sensur makta han å lage inspirert og original musikk, som var – og er – elska både i og utanfor Russland.

Dmitrij Dmitrijevitsj Sjostakovitsj var fødd 25. september 1906 i St. Petersburg og døydde 9. august 1975 i Moskva.

Han studerte ved konservatoriet i St. Petersburg (dåverande Petrograd) frå 1919 til 1926. Perioden fram til den femte symfonien i 1937 er prega av eksperimentering og radikal modernisme. Operaen Lady Macbeth frå Mtsensk (op. 29) frå 1932 følgde forsøksvis den nye sovjetiske norma for sosialistrealisme og var først ein suksess, men vart deretter nådelaust kritisert av Stalin og avisa Pravda i 1934 for moralsk forfall. Kritikken inneheldt ein – reell på den tida – trussel mot Sjostakovitsj sitt liv, som prega livet og virket hans seinare. Botsøvinga hans, den femte symfonien (op. 47), premiert i 1937, vart ein braksuksess.

Under andre verdskrigen vart Sjostakovitsj og musikken hans eit viktig symbol på alliert side. Til dømes vart den sjuande symfonien (op. 60) spela inne i Leningrad under okkuperinga av byen og kringkasta av høgtalarar ut mot dei tyske troppane.

Sjostakovitsj makta det meisterstykket å produsere musikk som balanserte på akkurat rett side av sensurregimet i Sovjetunionen, men som likevel hadde kunstnarisk integritet og originalitet.

Produktivitet makta han òg å bevare. Han laga i alt heile 147 verk i dei fleste konstellasjonar og sjangrar, og dessutan religiøs musikk. Nokre av dei mest kjende og spela verka, utanom dei som alt er nemnde, er åttande strykekvartett (op. 110), første cellokonsert (op. 107) og andre klavertrio (op. 67).

Stilen er eklektisk (selektiv, prøvande), men alltid moderne – inspirert av atonal musikk, neo-klassisisme og komponistar som Mahler, Prokofjev, Stravinskij og Britten.

 

Kjelder

Laurel E. Fay: Shostakovich. A Life. Oxford 2000

Alex Ross: The Rest Is Noise. Listening to the Twentieth Century. New York 2007

Richard Taruskin: The Oxford History of Western Music. Music in the Early Twentieth Century. Oxford 2010

 

Peikarar

Morten Jentoft: «Operaen som var for sterk for Stalin», nrk.no, publisert 3.3.2012

Anders Firing Lunde: «I Stalins skygge», morgenbladet.no, publisert 2.6.2017

Oversikt over og notar til verk av Sjostakovitsj på International Music Score Library Project, imslp.org

Først publisert: 25.09.2020
Sist oppdatert: 25.09.2020