
Einar Sæter
Einar Sæter, redaktør og forfattar frå Nordmøre. Han har skrive bøker om tida som agent i etterretningstenesta XU under andre verdskrigen.
Einar Sæter var fødd 6. februar 1917 i Øksendal i Sunndal i Møre og Romsdal. Han døydde 10. november 2010.
Under andre verdskrigen var Einar Sæter agent i XU, den hemmelege etterretningstenesta i det okkuperte Noreg. Frå 1948 til 1949 var han i FN, der han arbeidde for sikringstenesta knytt til den norske delegasjonen. Då han kom tilbake til Noreg, byrja han som journalist for Nordlys i Tromsø og Arbeidernes Pressekontor i Oslo, før han flytta tilbake til Sunndal i 1954.
Sæter var ein viktig avismann på Nordmøre. Han var redaktør for arbeidarpartiavisa Aura Avis frå 1954 til 1971. I 1971 grunnla han avisa Driva. Der var han redaktør fram til 1988.
Sæter har skrive fleire faglitterære bøker. Åra som agent under krigen resulterte i boka I kurer-fart for XU (1977), truleg den første boka som vart skriven om XU, og boka XU. I hemmeleg teneste 1940–45 (1995, ny utgåve 2007), der sonen Svein Sæter var medforfattar. Einar Sæter gav også ut 75 år med KOA til Mørelinjen (1990), Gullgravar-legen og brørne hans (1993) og Gullfeber. Norske gullgravarar i Klondike og Alaska (1996). Saman med Svein Sæter gav han i 1998 ut Hans Hyldbakk. Samtale med ein 100-åring. I tillegg til historier frå livet til Hyldbakk har boka ein gjennomgang av forfattarskapen til diktaren frå Surnadal.
Sæter er den einaste som har fått målprisen til Nordmøre Mållag to gonger – for arbeidet i Driva i 1976 og for forfattarskapen i 1997. Sæter var også ein profilert naturvernar og friidrettsmann, og han oppnådde både VM-gull og verdsrekord (tresteg) i veteranklassa. I 2002 fekk han Kongens fortenestemedalje i gull for innsatsen sin under krigen og for arbeidet som redaktør og forfattar.
Kjelder
E‑post frå Svein Sæter 8.1.2020 og 10.9.2020
Kjell Ove Holsbøvåg: «Søskenbarnet overrakte kongens gull», auraavis.no, publisert 22.1.2002: https://www.auraavis.no/nyheter/soskenbarnet-overrakte-kongens-gull/s/1-37-370849 [lesedato 2.1.2020]
Bjørn Bø, Øystein Dalland og Ola Svein Stugu: Tre aviser i Bygde-Norge. Oslo 1974. Tilgjengeleg i Bokhylla, nb.no: https://www.nb.no/nbsok/nb/c7d032333a2e6c9758b6c29fc5931bd4?index=1#0
Peikarar
Olaug Bjørneset: «Einar Sæter er død», nrk.no, publisert 11.11.2010
Digitaliserte bøker av Einar Sæter på Nasjonalbiblioteket, nb.no
Sist oppdatert: 22.09.2020