Hopp til innhold

Einar Schibevaag

Einar Schibevaag, kulturentreprenør og prosjektutviklar, kjend for arbeidet med Ivar Aasen-året og Nasjonalt Garborgsenter.

Einar Schibevaag er fødd 18. august 1960 i Stavanger. Etter vidaregåande skule tok han ulike fag innanfor jordbruksutdanning, mellom anna landbruksøkonomi ved Nord-Trøndelag distriktshøgskule (1984). Han har òg eit toårig diplomstudium i samfunnsplanlegging ved Oppland distriktshøgskule (1986).
Schibevaag har arbeidd både i offentleg og privat sektor. Han har vore rådmann i Ulvik herad (1990–92) og Ølen kommune (1992–95). Han har vore redaktør i avisa Suldalsposten (1997–2002), mellom anna det året avisa vart kåra til årets lokalavis (1998). Schibevaag har arbeidd innanfor viktige nynorske kulturtiltak. Han var dagleg leiar for Ivar Aasen-året (1996). I periodane 1995–1997 og 2008–2010 var han prosjektleiar for planlegginga av Nasjonalt Garborgsenter i Time kommune. Han var med og starta konsulentfirmaet Norsk plan i Sand i Ryfylke og var dagleg leiar der frå 2002 til 2008. Firmaet produserer nettsider, aviser, informasjons- og pressetenester og har nynorskprofil. Frå 2010 er Schibevaag redaktør for lokalavisa Haramsnytt.
Schibevaag har hatt ei rekkje verv innanfor norskdomsrørsla, mellom anna var han nestleiar i Noregs Mållag 1991–95 og styreleiar i Lagsbrukssamskipnaden 1994–96. I perioden 2003–2007 sat han i kommunestyret i Suldal kommune, for partiet Venstre.
Kjelder
E-postar frå Einar Schibevaag 2. april og 8. juni 2010
Ottar Grepstad: Viljen til språk. Oslo 2006

Først publisert: 16.09.2010
Sist oppdatert: 25.04.2013