Faktaboks

Einar Skjæraasen
Fødd
23. juli 1900, Trysil, Innlandet
Død
18. mars 1966, Oslo
Verke
Forfatter
Familie

Foreldre: Småbruker Martin E. Skjæraasen (f. 1872) og Ida Marie Østmo (1875–1921).

Gift 26.6.1926 med Ingrid Olason (f. 6.11.1903), datter av handelsmann Herman Olason (f. 1870) og Ragna Pedersen (f. 1870).

Einar Skjæraasen
Foto fra 1965.

Einar Skjæraasen var lyrikar. Han blei ein folkekjær diktar medan han levde, og er særleg knytt til linjene «Du ska itte trø i graset» og «Danse mi vise, gråte min sang». Det skal vere komponert fleire melodiar til Skjæraasens dikt enn talet på dikt han har skrive. Skjæraasen skreiv på riksmål og på si eiga Trysil-dialekt.

Bakgrunn

Einar Skjæraasen var på Østby i Trysil. Etter oppveksten på garden Skjæraasen i Trysil blei det mellomskule på Rena i Østerdalen og eittårig handelsgymnas i Kristiania, 1919–1920. Han var tilsett i bank så godt som i heile sitt vaksne liv, både i Østerdalen og Oslo. Dei siste åra arbeidde han i Tono.

Parallelt med finansarbeidet skreiv Skjæraasen dikt og songar. Han hadde begynt tidleg, allereie som gutunge. I 1936 debuterte han med diktsamlinga Reflekser, som ikkje fekk kritikarane sin gunst. Men det fekk neste bok, to år seinare, Skritt forbi min dør. I 1941 kom Den underlige våren, med linjene «Fire munner rundt et bord./ Fire vegger kring en lykke./ Vesla, Påsan, far og mor» i diktet «Lykke». Skjæraasen lét ikkje aggressive kjensler kring okkupasjonsmakta påverke dikta sin tone. Han hadde ei lys tru på framtida og heldt fast på det gode i livet sjølv i dei mest krevjande tider.

Ein kan seie at Skjæraasen i det store og heile blei ein motpol til modernismen sitt inntog i lyrikken, med angst og framandgjering som gjennomgåande tema og eit tradisjonelt formspråk i oppløysing. Han hadde ei positiv livskjensle. Det inneber ikkje at denne diktaren var ein sentrallyrisk, tradisjonell poet utan brodd. Skjæraasen skreiv også samfunnskritiske dikt. Men der er ei stoisk ro i dikta hans. Lyset og skuggen følgjer kvarandre. Ein etisk tråd går gjennom dikta, slett ikkje utan djupn og refleksjon. I «Mot natt» frå samlinga Du ska itte trø i graset, frå 1954, heiter det: «Du òg, menneskje må vende/ umildt om te mildt og kjenne/ nåden frå den dag som var.» Heim, røter, natur og kjensleliv står side om side med eit samfunnsmedvit.

Skjæraasen fekk Mads Wiel Nygaards legat i 1965. Eit minnesmerke over Einar Skjæraasen utført av Ørnulf Bast står ved Trysil kyrkje.

Kaffistovas litterære stamgjest

Etter oppvekstår i Trysil og draget mot diktinga, etter tronge mellomkrigsår i både Østerdalen og Oslo, debuterte Einar Skjæraasen i 1936. Han bar med seg impulsar og glør frå barne- og ungdomsår i det rike kulturlivet i heimbygda, som ikkje minst Sven Moren stod bak. Han budde då med kone og småbarn i hovudstaden og hadde i fleire år vore ein av kunstnarspirane som møttest på stamkafeen Kaffistova.

Her var det drøs om kunsten og livet, og her var biletkunstnarar og litterære personlegdomar, mellom anna Claes Gill og Louis Kvalstad. Den siste var ein god ven. Hit kom «nomadane», dei søkjande og frosne, frå bygdene. Varme, fellesskap og åndeleg føde fekk dei, om ikkje myntane rakk til anna enn vatn.

Tidlege modernistiske innslag

Det er lett å plassere Skjæraasen i båsen for «reine» tradisjonsbunde rimdiktarar. Men allereie i den andre diktsamlinga, Skritt forbi min dør, frå 1938, i diktet med same tittel, er Skjæraasen modernistisk i forma. Vi les ei uro her: «Lystige skritt .../ Hektiske skritt .../ Dvelende skritt .../ Tunge skritt .../ [...] Hele menneskeheten/ går forbi min dør». Men i same samlinga finst eit jubelbrus i diktet «Onga våre»: «To onger er jeg far til,/ to onger er du mor til./ Å hurra på jorda,/ det er vårt mesterverk!»

Også i seinare diktsamlingar finn vi tekstar frigjorde frå eit fast rytme- og rimskjema. I diktet «Klage ved muren», frå samlinga Sang i september (1965), er forma fri og tonen noko bitter. Diktet «Edith Piaf» frå avdelinga «Etterlatte dikt» i Bumerke, dikt i utvalg (1966) endar slik: «Flyg inn i skogen/ min skog/ du framande fugul./ Forstyrr meg i mi fredstid/ og syng meg vâr/ for lengselen i de elendige.»

Trysil i innhald og språk

Skjæraasen måtte i motiv og språk vende tilbake til sine eigne heimetrakter for å finne si sjølvstendige litterære stemme og sin eigen autoritet. Så stiger sevjene (1945) er prega av okkupasjonsåra, med lite hemn å spore, men i eitt dikt, «Rettferd», skriv han: «Som gresset skal de onde skjæres ...». I denne boka set heimplassen spor. Halvparten av dikta har motiv frå Trysil.

For fullt skjedde det i 1949 med samlinga Danse mi vise. Gråte min sang, der Trysil-målet syng med. Han nådde langt ut også i salstal, til dømes med Sju undringens mil, frå 1963. I Skjæraasen si siste diktsamling medan han levde, Sang i september, frå 1965, skriv han igjen på bokmål. Dikta til Skjæraasen er komne i fleire utval. Diktutvalet Bumerke kom ut posthumt i 1966 og blei trykt i fleire opplag.

Komponistane og radioen sin lyrikar

Det var i 1950-åra at Skjæraasen verkeleg steig fram i det songlyriske landskapet. Han var lettforståeleg, og med nokre kvalitetar som trefte, fekk han eit rom i folk sitt medvit. Grunnen var ikkje minst at han blei populær i radioen og blant visesongarar. Radioen var 1950-åras mobil og nettbrett, det var her musikken strøymde. Skjæraasens melodiøse velklang gjorde han til «folkediktar», slik det også var med Alf Prøysen og Vidar Sandbeck på same tid.

Skjæraasen sjølv redigerte Og alle mine viser i 1956, med melodiar til. «Vandringsvise» er gjort kjend av Erik Bye. Denne teksten er frå den siste samlinga til Skjæraasen, Sang i september (1965). Melodien er av Finn Ludt. I 1966 gav Erik Bye ut LP-plata Erik Bye synger Einar Skjæraasen, med kjære songar som «Masurka» og «Juninatt». Komponisten Edvard Fliflet Bræin tonesette fleire av songane.

Frå familielykke til humanisme

Den platonske leiestjerna – det gode, det sanne, det skjønne – kan vi lese ut av Skjæraasen sine dikt. Det er eit humanistisk prosjekt. Så var då også Fridtjof Nansen eit ideal. Det er som Skjæraasen seier, at dei minste strå skal ein akte. I diktet «Fred», frå boka Danse mi vise. Gråte min sang (1949) les vi: «Alt liv vil leve». Og i diktet «Du ska itte trø i graset» frå samlinga med same namn, frå 1954, skriv han: «Mållaust liv har og e mening/ du lyt sjå og tenkje på.»

Han dikta om naturen, skogen og bygda, men også om byen og folk sine livsvilkår. I linjene «Somme er fattige,/ somme er rike./ Bare tel slut/ er vi jamsi`s og like», frå diktet «Danse mi vise, gråte min sang», er det ei djup innsikt i alle slags livskår og lagnader.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Willy Dahl i Norges litteraturhistorie, bd. 6. (red. Edvard Beyer). Oslo 1991
  • Øystein Rottem: Norges litteraturhistorie, bd. 1 og bd. 3. Oslo 1996 og 1998
  • Magne Skjæraasen: Einar Skjæraasen. Fra drøm til dikt. Oslo 200o

Faktaboks

Einar Skjæraasen
Historisk befolkingsregister-ID
pf01036412001447

Kommentarar (2)

skreiv Arne Fredlund

Til orientering: Lenken til NBL-artikkelen om Skjæraasen er død.

svarte Guro Djupvik

Hei Arne, Takk for meldinga! Vi har hatt et lenkeproblem etter en teknisk oppdatering, men nå skal den virke igjen. Vennlig hilsen Guro i redaksjonen

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg