Hopp til innhold
Foto: Elisabeth Tønnesen/ elseolsens.net
Foto: Elisabeth Tønnesen/ elseolsens.net
X
Innhald

Else Olsen Storesund

Else Olsen Storesund, musikar, komponist og liveartist, som særleg har konsentrert seg om musikk i såkalla open form.

Else Olsen Storesund er fødd 25. januar 1978 på Hommersåk i Sandnes kommune. Ho studerte ved Lundehaugen vidaregåande skule før ho tok cand.mag.-graden i kunstfag ved høgskulane i Oslo og Stavanger. I 2000–2002 vidareutdanna ho seg i klaver ved Høgskulen i Stavanger. Parallelt studerte ho hovudfag i utøving med fordjupingsemne ved Noregs musikkhøgskule, fullført i 2004. I 2005 tok ho vidareutdanning i komposisjon ved den same institusjonen.
 
I dag er ho stipendiat ved Noregs musikkhøgskule i programmet for kunstnarleg utviklingsarbeid. Her legg ho særleg vekt på norske komponistar sitt arbeid med preparert piano og leitar etter nye måtar å preparera pianoet på. Arbeidet spring ut av interessa hennar for musikk i open form, der musikken gjerne er notert grafisk, eller som rein tekst, og overlèt fleire av dei musikalske vala til utøvaren.
 
Sidan 2007 har ho vore pådrivar for festivalen Open form i Oslo. Ho har òg halde kurs i denne arbeidsmåten ved fleire av dei norske musikkutdanningsinstitusjonane og ved Manhattan School of Music.
 
Storesund fekk Sandnes Sparebanks musikkpris i 2003. Ho har vore mottakar av reisestønad frå Statens kunstnarstipend i 2006 og Fulbrights forskarstipend for studiar i USA i 2006–2007.
 
Storesund er oppteken av språk og presenterer arbeidet sitt på engelsk og nynorsk.
  
Kjelder
E-post frå Else Olsen Storesund 13. og 17. oktober 2010
 
Else Olsen Storesund sin nettstad, http://elseolsens.net/ [lesedato 15.02.2011]
Ida Habbestad: «Djup lytting», intervju med Else Olsen Storesund, ballade.no, publisert 28.10.2009, http://www.ballade.no/nmi.nsf/doc/art2009102813583123668574 [lesedato 15.02.2011]

Først publisert: 15.02.2011
Sist oppdatert: 04.02.2013