Hopp til innhold
X
Innhald

Erik Satie

Erik Satie [sati], 1866–1925, var fransk komponist og stiftar av den modernistiske gruppa «Les Six». Satie skreiv ei stor samling klaverstykke med eksentriske titlar, som 3 stykke i pæreform, 4 slappe preludium for ein hund og Byråkratisk sonatine. Mest kjend er 3 Gymnopediar.
 
Erik Satie skreiv også ballettar, som Parade, som var skapt for Djagilev og Ballets Russes.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 11.05.2014