Faktaboks

Erling Sande
Fødd
8. november 1978, Bremanger, Sogn og Fjordane
Erling Sande.
Stortinget.

Erling Sande er ein norsk politiker frå Senterpartiet som frå 2023 er kommunal- og distriksminister i regjeringa Støre. Han er vald stortingsrepresentant for Sogn og Fjordane sidan 2021. Han var også fast møtande vararepresentantStortinget i perioden 2005–2013.

Bakgrunn

Erling Sande er fødd i Bremanger i Sogn og Fjordane (no Vestland). Han gjekk på Firda vidaregåande skule i 1994–1997, Nordhordland folkehøgskole 1997–1998 og er utdanna cand.mag. med mellomfag i historie og samfunnsgeografi og grunnfag i samanliknande politikk frå Universitetet i Bergen i 2004.

Politisk karriere

Sande var leiar av Senterungdommen i Sogn og Fjordane i 1997–1999, Bergen Senterstudenter i 1999–2001 og varamedlem i sentralstyret til Senterungdommen i 2002–2003. Han var representant for Senterpartiet i Bremanger kommunestyre i 1999–2003, medlem av fylkestinget i Sogn og Fjordane i 1999–2003 og 2005–2007 og medlem av fylkesutvalet i 2003–2005.

Han var politisk rådgivar for Senterpartiet si stortingsgruppe i 2003–2005. I periodane 2005–2009 og 2009–2013 var han vararepresentant til Stortinget, men møtte fast i begge desse periodane for Liv Signe Navarsete då ho var med i regjeringa Stoltenberg II. I perioden 2009–2013 var han nestleiar for Senterpartiet si stortingsgruppe. På Stortinget var han leder av Energi- og miljøkomiteen fra 2009 til 2013. Sande stilte ikke til gjenvalg i 2013 eller 2017, men kom tilbake på Stortinget i 2021.

Andre verv og engasjement

Sande var leiar av elevråda ved Firda vidaregåande skule i 1996–1997 og Nordhordland folkehøgskole i 1997–1998. Han var nestleiar i styret for Sogn og Fjordane teater i 2000–2004 og har hatt ei rekkje andre offentlege verv i heimfylket. Sande var styremedlem i Løvebakken mållag i 2009–2013, 2014–2016 var han styremedlem i Grønn Kontakt, og frå 2015 er han styremedlem i eSmart Systems. Frå 2013 til 2021 var han konserndirektør for strategi og utvikling i Sogn og Fjordane Energi (SFE).

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg