Hopp til innhold
X
Innhald

Francesco de Sanctis

Francesco de Sanctis, 1693–1731, var italiensk arkitekt og representant for den italienske seinbarokken.

Sanctis er kjend for utforminga av Spansketrappa i Roma (1721–25), som med elegant svinga form binder Piazza di Spagna saman med kyrkja Santissima Trinità dei Monti.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 06.10.2016
Sist oppdatert: 06.10.2016