Hopp til innhold
Litografi av Franz Schubert, laga av Wilhelm August Rieder. Kredit: Internet Archive Book Images, Flickr.com (No known copyright restrictions/ public domain). Biletet er henta frå boka «Franz Schubert. Die Dokumente seines Lebens und Schaffens» av Otto Erich Deutsch, utgitt på München und Leipzig ved G. Müller i 1913.
Litografi av Franz Schubert, laga av Wilhelm August Rieder. Kredit: Internet Archive Book Images, Flickr.com (No known copyright restrictions/ public domain). Biletet er henta frå boka «Franz Schubert. Die Dokumente seines Lebens und Schaffens» av Otto Erich Deutsch, utgitt på München und Leipzig ved G. Müller i 1913.
X
Innhald

Franz Schubert

Franz Peter Schubert, austerriksk komponist, den einaste av dei store wienerklassikarane som var fødd i Wien. Kunstsongane hans, lieder, var svært nyskapande både i form og dramatisk innhald og definerte sjangeren slik vi kjenner han i dag.

Franz Schubert var fødd i Wien 31. januar 1797 og døydde i heimbyen 19. november 1828. Han vart skulert på Kaiserlich-köngliches Stadtkonvikt i Wien fram til 1813, då han tok eit lærarkurs og gjekk over til å undervise på skulen som faren dreiv i Wien. I 1816 flytta han inn hos vener og slutta som lærar, for å vere komponist på heiltid.

Sjølv om han berre vart 31 år gamal, etterlét Schubert seg ei enorm mengd med musikk: Meir enn 600 lieder, altså songar med pianoakkompagnement, sju fullførte symfoniar, seks kormesser, fleire operaer og ei rekkje kammer- og pianoverk. Han var ein sentral overgangsfigur mellom wienerklassisismen og romantikken, til liks med Beethoven. Den uttrykksfulle instrumenteringa i verk som Den uferdige symfonien (1822) peikar direkte fram mot den sterkt utvida orkesterpaletten hos dei romantiske komponistane.

Likeeins fekk Schubert sine lieder enorm innverknad på alle seinare komponistar i sjangeren, mellom anna Robert Schumann, Hugo Wolf og Richard Strauss. Der pianoet før hadde ein rein akkompagnerande funksjon, fekk det hos Schubert ei heilt ny rolle, mykje meir involvert i formidlinga av den poetiske teksten. Der liedkomponistane før han oftast heldt seg til rein repetisjon av versestrofene, utvikla Schubert eit meisterleg nytt formspråk, bygd på utvikling og variasjon i samspel med den dramatiske utviklinga i teksten. Songar som Gretchen am Spinnrade (1814) og Erlkönig (1815) var drastisk annleis enn alle tidlegare modellar, og alltid eit resultat av Schubert sitt intense arbeid med teksten, i desse to tilfella av Goethe.

Tenåringskomponisten

Schubert, som var første generasjons wienar, fekk tidleg musikkopplæring av faren og brørne sine. Då han var elleve år gamal, vart han teken opp i det keisarlege hoffkoret og fekk frå då av gå på den keisarlege klosterskulen i Wien. Samstundes fekk han komposisjonstimar hos den kjende komponisten Antonio Salieri, som gav han ei grundig, men konservativ opplæring. Medan Salieri oppmoda eleven til å studere italiensk opera, var Schubert sjølv mest interessert i musikken til Mozart, Haydn og Beethoven, som han jamleg møtte som andrefiolinist i skuleorkesteret.

Som tidleg tenåring var Schubert lovande, men ikkje eksepsjonell. Dette endra seg brått hausten 1814, då han gjekk inn i ein komposisjonsraptus som varte i over 15 månader og nesten manglar sidestykke i vestleg musikk, med eit gjennomsnitt på omlag 65 takter ny musikk i døgnet. I sitt attande år komponerte Schubert over 150 songar, i tillegg til strykekvartettar, symfoniar, kormesser og fleire syngjespel (Singspiele). Dette kom i tillegg til fulltidsjobben som lærar ved skulen til faren, komposisjonstimar med Salieri, privatelevar og tett sosialisering.

Mellom songane han skreiv, finn vi grensesprengjande verk som Gretchen am Spinnrade, som elegant vekkjer biletet av hjulet på rokken i pianoakkompagnementet. Alt no gjekk han langt djupare enn forgjengarane inn i innhaldet i teksten, ei ære han synte alle dei over 150 diktarane han tonesette gjennom karrieren.

Vaksenlivet

Sjølv om Schubert produserte enormt mykje musikk i 1815–16, var enno ikkje ein note av det publisert då songen Erlafsee vart trykt i ein antologi våren 1818. Men han hadde mange vener i musikkmiljøet i Wien, og songane hans vart etter kvart framførte på mindre tilstellingar i byen. Rundt 1820 vart framføringane fleire og fleire, og i 1821 fekk han endeleg gitt ut ei stor mengd musikk, ein viktig milepåle.

Motivert av anerkjenninga fekk han attende den kreative driven frå tenåra og produserte enorme mengder musikk i 1822. Skilnaden var at denne gongen fekk han både betaling og ros for arbeidet. Men venene hans vart etter kvart redde for at livsstilen hans, med enorme mengder arbeid, tobakk, alkohol og festing tok til å røyne på helsa hans.

Sjukdom og modning

Vinteren 1823 vart Schubert råka av det som etter alt å døme var syfilis. Det fanst inga effektiv medisinering mot syfilis på hans tid, og dermed var sjukdomen ofte dødeleg for dei som vart råka. Etter den første sjukdomsperioden våren 1823 vart han gradvis betre att, men symptoma kom og gjekk i periodar resten av livet.

Parallelt med sjukdomen nådde Schubert høgdepunktet reint musikalsk. Den uferdige symfonien (1822) er heilt annleis enn alt som var skrive i denne sjangeren før han. Heilt frå opninga, med den djupe strykarrumlinga utan nokon temamelodi, er han eit kraftig avvik frå stilen til Mozart og Beethoven og vert ofte kalla den første romantiske symfonien. Like framsynt er Sonate i A-moll (1823), som i si nakne og reinskorne form peikar fram mot den romantiske klavermusikken.

Også som songkomponist skreiv Schubert sine mest spennande verk desse siste åra. I 1823 skreiv han Die Schöne Müllerin, etter dikt av Wilhelm Müller. Dette er den eldste songsyklusen som stadig vert regelmessig framført, og Schubert kom attende til Müller året før han døydde, med songsyklusen Winterreise (1827). Desse vakre, molldominerte songane markerer eit anna viktig høgdepunkt i Schubert sin siste periode. Det siste året av livet skreiv han ei rad kammer- og pianoverk som alle syner ein komponist på toppen av si kreative utvikling.

Franz Schubert er gravlagt i fødebyen Wien, i Central Cemetery (Wiener Zentralfriedhof), saman med andre store komponistar. På fotoet ser vi Beethoven si grav til venstre og Schubert si grav til høgre. Mellom gravene er eit minnesmerke for Mozart. Foto: Spencer Means, Flickr.com CC BY-SA 2.0.

Franz Schubert er gravlagt i fødebyen Wien, i Central Cemetery (Wiener Zentralfriedhof), saman med andre store komponistar. På fotoet ser vi Beethoven si grav til venstre og Schubert si grav til høgre. Mellom gravene er eit minnesmerke for Mozart. Foto: Spencer Means, Flickr.com CC BY-SA 2.0.

Kjelder

Donald Jay Grout et al.: A History of Western Music. Sixth Edition. New York 2001

Norbert Böker-Heil et al.: «Lied», Grove Music Online. Oxford Music Online. Oxford University Press: http://www.oxfordmusiconline.com/subscriber/article/grove/music/16611 (tilgjengeleg med passord) [lesedato 12.6.15]

John Reed og Brian Newbould: «Schubert, Franz», The Oxford Companion to Music. Oxford Music Online. Oxford University Press: http://www.oxfordmusiconline.com/subscriber/article/opr/t114/e5995 (tilgjengeleg med passord) [lesedato 26.3.15]

Robert Winter et al.: «Schubert, Franz», Grove Music Online. Oxford Music Online. Oxford University Press: http://www.oxfordmusiconline.com/subscriber/article/grove/music/25109 (tilgjengeleg med passord) [lesedato 26.3.15]

Peikarar

Tom Service: «Symphony guide: Schubert's Unfinished», på the Guardian Online

Først publisert: 07.09.2015
Sist oppdatert: 18.11.2019