Hopp til innhold
X
Innhald

Frederik Christian Schübeler

Frederik Christian Schübeler, 1815–92, var botanikar og frå 1866 professor i botanikk ved Universitetet i Christiania og styrar av Botanisk hage. Schübeler dreiv forsøksdyrking av hage- og jordbruksplanter og fekk i stand forsøksstasjonar over heile landet. Han har vore viktig for utviklinga av hagebruket i Noreg.
Det mest kjende verket hans, Viridarium Norvegicum. Norges Væxtrige (3 bind, 1886–89), er rikt illustrert og av stor kulturhistorisk verdi.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 28.11.2013
Sist oppdatert: 28.11.2013