Hopp til innhold

Frode J. Strømnes

Frode Jens Strømnes, psykologiprofessor. I 1990-åra starta han Norsk Statsstipendiatforening.

Frode J. Strømnes var fødd 4. januar 1937 i Harstad og døydde 14. desember 2012 i Volda. Han tok examen artium i 1956 og magistergraden i psykologi ved Universitetet i Oslo i 1963. Han tok den filosofiske doktorgraden ved Universitetet i Åbo i 1971, med den språkpsykologiske avhandlinga Associations or Addresses.
I 1963–68 og 1971–74 var Strømnes forskingsstipendiat ved Noregs allmennvitskaplege forskingsråd (NAVF). Han var lektor i psykologi ved Psykologisk Institutt ved Universitetet i Åbo i 1970 og professorvikar same staden i 1974. Året etter var han forskingsstipendiat ved Finlands akademi. Frå 1976 til 1990 var han tilsett som professor i psykologi ved Universitetet i Tromsø. Han var professor II i kognitiv psykologi ved Universitetet i Bergen frå 1991 til 2007. Frå 1990 var han samstundes statsstipendiat.
Strømnes har hovudsakleg arbeidd med språkpsykologi og språklæringsproblem. Han har vore oppteken av å granske korleis språket er konstruert og fungerer som eit symbolsystem. Dessutan har han interessert seg for sosialpsykologiske og arkitekturpsykologiske emne. I 2006 publiserte han eit stort verk om språkpsykologi, The Fall of the Word and the Rise of the Mental Model, som både er ei oppsummering av forskingsinnsikter og eit utgangspunkt for vidare forsking innanfor dette feltet.
I 1994 var Frode J. Strømnes med på å skipe Norsk Statsstipendiatforening, ei interesseforeining for dei om lag seksti statsstipendiatane i Noreg, og han var leiar for foreininga fram til 2005. Strømnes har i alle år vore nynorskbrukar, sjølv om faglitteraturen i hovudsak er forfatta på engelsk.
Kjelder
Telefonsamtale med Frode J. Strømnes 15.3.2012
«Frode Jens Strømnes 60 år 4. januar», Aftenposten 4.1.1997
Hvem er Hvem? Oslo 1994
Seiness, Cecilie N.: «Statsstipendiatane: Utstøytte, men med glupe påhitt», Dag og Tid 28.8.1997
Frode J. Strømnes: The Fall of the Word and the Rise of the Mental Model. A Reinterpretation of the recent Research on Spatial Cognition and Language. Frankfurt 2006
Peikarar
Bibliografi i Bibsys

Først publisert: 06.07.2012
Sist oppdatert: 15.09.2014