Faktaboks

Georg Sauerwein
Georg Julius Justus Sauerwein
Fødd
15. januar 1831, Hannover, Tyskland
Død
16. desember 1904, Kristiania (Oslo), Noreg
Levetidskommentar
Gravlagd i Gronau, Tyskland
Verke
Språkmann og forfatter
Familie

Foreldre: Pastor August Philipp Ludwig Sauerwein (1797–1861) og Franziska Eleonore Charlotte Meyer (1804–56). Ugift.

Georg Sauerwein
Georg Sauerwein
Av .

Georg Sauerwein var ein tysk filolog, språkpolitikar og forfattar. Sauerwein var eitt av samtidas største språkgeni og meistra visstnok 75 språk.

Sauerwein studerte klassiske og orientalske språk ved universitetet i Göttingen utan å ta avsluttande eksamen. Han arbeidde etter dette som privatlærar i nokre år, før han arbeidde i 40 år som språkkonsulent og omsetjar for det britiske bibelselskapet The British and Foreign Bible Society. Han gav òg ut ei engelsk-tyrkisk ordbok.

Ved sidan av det reint filologiske arbeidet var han oppteken av levekåra til språklege og kulturelle minoritetar. Han hadde eit særleg sterkt politisk engasjement for etniske og språklege minoritetar i tyskdominerte område, særleg dei som tala litauisk og sorbisk. Mot slutten av livet var han svært oppteken av fredssaka. Han meinte at folkediktinga måtte danne grunnlaget for ein ny litteratur på desse minoritetsspråka, noko han også bidrog til gjennom eiga dikting. Sauerwein hadde òg stor sympati for norsk målreising.

Frå 1874 til sin død i Kristiania 1904 budde Sauerwein til saman 11 år i Noreg, mest på Dovre. Den viktigaste utgjevinga hans på norsk er diktsamlinga Frie Viso ifraa Viggun (1885), som er skriven på gjennomført dovremål. Her har Sauerwein jamvel gjendikta sju salmar frå Bibelen på dialekt.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Jarle Bondevik: Og ordet vart nynorsk. Soga åt den nynorske bibelen. Bergen 2003
  • Hans Masalskis: Das Sprachgenie Georg Sauerwein : eine Biographie, 2003
  • Georg Sauerwein: Frie Viso ifraa Viggu’n sungje i Nørdre-Gudbrandsdalsk Dølamaal. Kristiania 1885
  • Oskar Vistdal: Georg Sauerwein – europear og døl. Ein dokumentasjon. Bergen 2000
  • Oskar Vistdal: «Georg Sauerwein», Norsk biografisk leksikon bd. 8. Oslo 2004

Kommentarar (2)

skreiv Oskar Vistdal

Faktaboksen kan suppleres med fullstendige datoer:Født 15.1.1831Død 16.12.1904Siste halvdel av teksten foreslås omformulert til følgende, inkludert rettelse av boktittelen til slutt:Ved siden av det rent filologiske arbeidet var han særlig opptatt av de baltiske og slaviske minoriteters kår i det tyske keiserriket, fortrinnsvis litauernes og sorbernes (vendernes) kulturelle rettigheter. Han mente at folkediktningen måtte danne grunnlaget for en ny litteratur på disse minoritetsspråkene, noe han også selv bidrog til gjennom egen diktning. Fra 1874 til sin død i Kristiania 1904 bodde Sauerwein til sammen 11 år i Norge, mest på Dovre. Hans viktigste utgivelse på norsk er diktsamlingen Frie Viso ifraa Viggun (1885), den første bok som ble utgitt på gudbrandsdalsmål.

svarte Georg Kjøll

Hei Oskar. Har lagt inn din reviderte tekst, samt noen lenker og gjort noen små formelle endringer i oppføringen. Håper det ser ok ut.Alt godt fra Georg

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg