Faktaboks

George Sinclair

i eldre norsk tradisjon skrevet Sinklar

Uttale
sˈiŋkleə
Fødd
1575, Skottland
Død
26. august 1612, Sel
Levetidskommentar
nøyaktig fødselsdato ikke kjent
Verke
Skotsk offiser
Familie

Foreldre: Faren var David Sinclair; moras namn er ikkje kjent.

Noko ekteskap er ikkje kjent.

Sinclair går i land i Romsdal

George Sinclair går i land i Romsdal, maleri av Adolph Tidemand og Morten Müller, 1876.

Av .
Sinclairs grav ved Vik i Gudbrandsdalen
George Sinclair ble gravlagt på utsiden av kirkegården på Kvam, i dag ved Vik gård like sør for Kvam.
Av /Nasjonalbiblioteket.

George Sinclair var ein skotsk offiser som tilhøyrde ein sidegrein av den kjente skotske familien Sinclair. Han var kaptein i den gruppa av skotske leigesoldatar som svenskekongen hadde verva under Kalmarkrigen, og som skulle setjast inn i krigen i Sør-Sverige. På veg til Sverige marsjerte gruppa – kalt Skottetoget – gjennom Noreg. 26. august 1612 vart dei slått av bøndene i Gudbrandsdalen i slaget ved Kringen i Sel, der Sinclair falt. Feilaktig er Sinclair blitt rekna som leiar av denne gruppa, men leiaren var oberstløytnant Alexander Ramsay.

Familie

Sinclair var soneson til John Sinclair, lord til Caithness og siste orknøyjarlen. Ein av forfedrane, Henry Sinclair, vart utnemnd til orknøyjarl i 1379. Sinclairane heldt like til 1564 fram med å vere jarlar over Orknøyene; frå 1469 vart dei utnemnde av skotske kongar.

Kalmarkrigen

Bakgrunnen for Kalmarkrigen mellom Sverige og Danmark-Noreg var strid om Nordkalotten, uklare grenser og skattlegging av samane. Svenskekongen Gustav 2. Adolf hadde verva soldatar av fleire nasjonalitetar. Ei gruppe hadde frå sjøen slått seg gjennom i Stjørdalen og marsjert til Stockholm. Gruppa til Ramsey gjekk i land på Klungnes i Romsdalen og hadde tenkt seg ein tilsvarande marsj gjennom Gudbrandsdalen til Stockholm.

Verving av leigesoldatar i Skottland til fordel for svenskane vart det elles sett ein brå stopp for. Den skotske og engelske kongen, Jakob 1., var gift med Anne, syster til kong Christian 4., og da han fekk vite om vervinga, gav han straks ordre om at dette måtte stanse, noko som gjorde at dei som alt var på veg, fekk det travelt med å kome av stad.

Slaget ved Kringen

Da bodet kom om at den skotske leigeheren på rundt 300 mann var på marsj opp Romsdalen og ned gjennom Gudbrandsdalen, greidde bøndene i Gudbrandsdalen å mobilisere ei motstandsgruppe som møtte skottane i den bratte lia ved Kringen sør for Otta. Ifølgje sagnet var det ei kvinne ved namn Guri som varsla om skotteheren ved å blåse i prillarhorn frå ein haug i nærleiken. Bøndene låg i bakhald og greidde ved eit overraskande åtak å nedkjempe skottane og ta dei overlevande til fange. George Sinclair vart skoten i slaget, etter tradisjonen med ein sølvknapp som Ringebu-bonden Berdon Segalstad togg saman og brukte som kule i børsa si. Dei fleste av dei skottane som vart tatt til fange, vart massakrerte dagen etter.

George Sinclair vart gravlagd like utanfor muren til den gamle kyrkja i Kvam. Ein minnestein som seinare vart reist over grava hans, står der framleis. På staden for trefninga ved Kringen vart det i 1912 reist ei minnestøtte; ho er seinare flytta ned til hovudvegen E6.

Slaget i Kringen skapte ei rad med mytar og tradisjonar i Gudbrandsdalen som vart viktige i den seinare nasjonalromantikken. Best kjent av dei litterære produkta av hendinga er Sinklarvisa av Edvard Storm. Frå 2002 har det kvar sommar vore framført eit historisk spel på ein Sinclair-festival i Rauma kommune i Romsdalen.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • K. Bondevik: Studiar i norsk segnhistorie, 1948
  • R. Rasch-Eng: Herr Sinclair dro over salten hav. Skottetoget og kampene ved Kringen 1612, 1992d.s.: «Sinklarsoga – enda ein gong», i Årbok for Gudbrandsdalen 1994, s. 185–200
  • T. Michell: Historien om den skotske ekspedisjon til Norge i 1612, 1997
  • L. Løberg: Prillarguri og slektskretsen hennes, foredrag for Norsk Slektshistorisk Forenings årsmøte 2003
  • Arnfinn Engen: Biografi i Norsk biografisk leksikon, andre utgåve (NBL2)

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg