Faktaboks

Gro Skartveit
Fødd
24. august 1965, Halsnøya i Finnøy (no Stavanger), Rogaland
Gro Skartveit.
Av /Samlaget.

Gro Skartveit er forfattar, sosionom og lokalpolitikar. I heile sitt virke har ho vore oppteken av sosiale spørsmål. I bøkene sine fortel ho om menneske i ulike livskriser.

Bakgrunn

Gro Skartveit er fødd på Halsnøya i Finnøy kommune (no Stavanger) i Rogaland. Ho har studert journalistikk ved Gimlekollen Mediasenter (1984–1985), har teke sosionomutdanning ved Sosialhøgskolen i Stavanger (no Universitetet i Stavanger) (1988–1991) og har studert leiing og organisasjon ved Høgskulen i Stavanger (no Universitetet i Stavanger) (1997–1998). Frå 2017 har Skartveit arbeidd for Kriminalomsorga og er sjølvstendig næringsdrivande. I perioden 2007 til 2014 var ho fylkestingsmedlem for Venstre i Rogaland, og frå 2011 til 2015 var ho ordførar i heimkommunen Finnøy.

Forfattarskapen

Skartveit sin forfattarskap er prega av både personlege erfaringar og yrkesliv. Det religiøse aspektet er ein viktig del av livet hennar, men det var òg i det kristne, konservative miljøet ho sjølv opplevde overgrep og seinare fordømming. I 2001 stod ho fram med si lesbiske legning og melde samstundes overgang frå Kristeleg Folkeparti til Venstre. Forfattaren har i mange år arbeidd med menneske i krise, med rusmisbrukarar og pårørande, og ho hentar mykje av stoffet sitt frå intervju og samtalar med menneske i krevjande livssituasjonar.

I Skartveit si første bok, Ulvar i lammeflokken. Om predikantar, makt og overgrep mot kvinner (1997), skriv ho om overgrep mot kvinner i kristne miljø. Den usynlege smerta. Om rus og pårørande (2010) handlar om dei mange pårørande til rusmisbrukarar. Gjennom sterke historier fortel dei om belastninga og om kvardagen sin. Livet etterpå. Om vegen vidare etter alvorlege kriser (2016) tematiserer òg krevjande og vonde livssituasjonar, når menneske som har opplevd drap, sjølvmord, sjukdom, angst og mobbing, skildrar det dei har opplevd.

Bibliografi

  • Ulvar i lammeflokken. Om predikantar, makt og overgrep mot kvinner (Sakprosa, Forlaget Forum, 1997).
  • Den usynlege smerta. Om rus og pårørande (Sakprosa, Samlaget, 2010).
  • Livet etterpå. Om vegen vidare etter alvorlege kriser (Sakprosa, Samlaget, 2016).

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg