Hopp til innhold

Gunnhild Skjold

Gunnhild Skjold, lektor i matematikk og leiar i Norsk Målungdom (NMU) frå 2019. Ho er den første leiaren i målungdomen frå Nord-Noreg på over 30 år.

Gunnhild Skjold er fødd 20. august 1995 i Tromsø, der ho vaks opp. Seinare flytta ho til Oslo. Ho var elev ved Kongsbakken videregående skole i 2011–14, og ho tok lektorstudiet i matematikk ved Universitetet i Tromsø (UiT) i 2014–19.

Ho har arbeidd som assistent og vitskapleg assistent ved UiT i 2012–17 og som journalist i studentavisa Midnattsolposten i 2017–18.

Skjold var med og danna Studentmållaget i Tromsø, var nestleiar i 2014–16 og leiar i 2016–18. Ho var medlem av landsstyret i Norsk Målungdom i perioden 2015–18, før ho blei nestleiar i 2018–19. I 2019 blei ho vald til leiar av ungdomsorganisasjonen.

Sjølv hadde ho nynorsk som sidemål fram til første året på vidaregåande skule, og ho meiner at elevane i grunnskulen skal byrje med sidemålsundervisning tidlegare enn dei gjer no. I samband med nye læreplanar i 2020 er læremiddel på nynorsk viktig, og ho meiner at det framleis er lettare å vere bokmålsbrukar enn nynorskbrukar. Den viktigaste saka for henne er at alle skal få høve og rett til å skrive språket sitt, same om det er nynorsk, bokmål, samisk eller kvensk.

Skjold var aktiv som studentrepresentant ved UiT og hadde mellom anna verv i Foreininga for Lektorar i Realfag. Ho var sekretær i Tromsø Orkesterforenings Janitsjarkorps i 2016–18, og ho arbeidde som frivillig ved Verdensteatret i Tromsø i 2014–18.


Kjelder

Rudi Nikolaisen: «Gunnhild (23) fra Tromsø skal styrke sidemålet», itromso.no, publisert 31.3.2019: https://www.itromso.no/nyheter/2019/03/31/Gunnhild-23-fra-Troms%C3%B8-skal-styrke-sidem%C3%A5let-18771992.ece [lesedato 11.1.2019]

Andrea Rygg Nøttveit: «Den nye leiaren i målungdommen vart nynorskbrukar på vidaregåande», framtida.no, publisert 1.4.2019: https://framtida.no/2019/04/01/den-nye-leiaren-i-malungdommen-vart-nynorskbrukar-pa-vidaregaande [lesedato 11.11.2019]

Gunnhild Skjold, profil, linkedin.no: https://www.linkedin.com/in/gunnhild-skjold-b8ab68140/?originalSubdomain=no [lesedato 11.11.2019]

 

Peikarar

Svein Olav B. Langåker: «– Kanskje vi skulle hatt sanksjonar for brot på språkrettar?», framtida.no, publisert 3.6.2016

Nettstaden til Norsk Målungdom (NMU), malungdom.no

Mari Brenna Vollan: «Foreslår bokmålsstraff», klassekampen.no, publisert 10.1.2020

Først publisert: 16.01.2020
Sist oppdatert: 10.02.2020