Faktaboks

Gunvor Stornes
Fødd
5. mai 1924, Korgen, Hemnes i Helgeland
Død
29. april 2013, Hemnesberget, Hemnes i Helgeland

Gunvor Stornes var ein norsk lyrikar og romanforfattar. Ho var var ein av nestorane i nordnorsk litteratur og tok initiativet til Nordnorsk Forfatterlag.

I 1975 debuterte ho med diktsamlinga Bryte demningar. Ho skreiv seinare ei rekkje barnebøker og diktsamlingar, og ho var representert i fleire antologiar. Ein gjennomgangsfigur i bøkene hennar er Kari, ei lita jente som bur i Svingen og opplever eitt og anna i bygda der ho bur. Kari i Svingen, som kom ut i debutåret 1975, vart omsett til islandsk og send i islandsk radio som barnetime i lag med oppfølgjarboka Kari får ei venninne.

Stornes var ein god opplesar, og vann fram med forteljingane sine også i den norske barnetimen i NRK.

Husmora Stornes var med på å skipe Helgeland Litteraturlag i 1971 og var formann der i 21 år, fram til 1992. Ho var òg med då Nordnorsk Forfatterlag vart skipa i 1972, og sat lenge i styret. I 1991 fekk ho ein italiensk poesipris for diktet «Bessfar min», og same året fekk ho Blixprisen, som vert gitt til nordnorske forfattarar som skriv dialekt eller nynorsk. Frå 1979 fekk ho statens kunstnarstipend, og frå 2004 fekk ho statens stipend for eldre, fortente kunstnarar.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg